Rektorval

Text: Tor Mikalsen , Photo: Tone Solhaug

- Updated

Val av nytt rektorat for perioden 2019-2023 skal gjennomførast i haustsemesteret 2018. Nominasjonsperioden er frå 8. oktober til og med 26. oktober. Sjølve valet skal gjennomførast mellom 30. november og 7. desember.

Det er valstyret ved Høgskulen i Volda som har ansvaret for gjennomføringa.

– 16. november skal dei nominerte presenterast. Så vert det ein periode med valkamp fram til sjølve valet. Vi vonar at mange engasjerer seg og at vi får fram gode kandidatar, seier nestleiar i valstyret Odd Helge M. Tonheim

Meir informasjon om valet finn du her.

Share on