HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden

Course code: 
HI201
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
Teaching semester: 
2023 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 studiepoeng i historie grunnemne: Anten HI100/HI100N og/eller HI111/HI111N og/eller HI112/HI112N og /eller HI113/HI113N.  Andre relevante fag kan bli vurderte etter søknad.

Course content

Føremålet med dette emnet er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å gi

  • forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda
  • kunnskap om relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar

Emnet konsentrerer seg om komparative studiar av sivilisasjonar og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet. Grunnbøkene blir supplert med eit utval artiklar.

Emnet er delt inn i 10 tematiske tyngdepunkt, der mellom anna geografiske, demografiske og kulturelle trekk i forskjellige delar av verda blir drøfta, og om nokre kulturelle trekk er særeigne for (Vest)Europa eller om dei er universelle. Europas ekspansjon i Amerika og Asia i tidleg moderne tid (1500-1800), den «industriøse» og den industrielle revolusjonen i Europa får stor plass. Det same får Vestens geografiske, økonomiske og kulturelle ekspansjon på 1800- og 1900-talet, og dei ikkje-vestlege motkreftene mot denne dominansen. Den globale fattigdomsproblematikken, forholdet mellom land i "Nord" og land i "Sør" og kva verknader den nye "globaliseringa" har på verdssamfunnet vil også bli problematisert.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskapar om framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen
  • oversikt over ulike teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorar bak økonomisk utvikling/underutvikling
  • forståing for ulike sider ved globaliseringa
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
  • kritisk reflektere over globalhistoriske framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav i høgare utdanning
Working and learning activities

Emnet er eit nettstudium. Det blir gitt forelesingar i Volda om det melder seg minst åtte studentar.

Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» på om lag 10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.

All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tatt opp.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjent med elementær internettbruk - navigering av nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir gitt innføringskurs i læringsverktøyet ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:  

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på om lag 4500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
  • Gjennomføre ei fire timars individuell prøve. Heimeprøva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av prøva vert lagt ut i Canvas i god tid.  

Prosessoppgåva skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå faglærar. Eksamensoppgåva skal også ha eit omfang på om lag 4500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv. Arbeidskrav og eksamen må gjennomførast i same semester. Arbeidskrav blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt element, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. All arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
80
Person in charge: 
Chalak Kaveh
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - bachelor (net-based)
  • History - yearcourse
  • History - yearcourse (netbased, part time)
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei prosessoppgåve. Studenten har høve til å forbetre oppgåva før den vert levert. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang på om lag 4500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Approval signature: 
Randi Bergem 03.03.2022