Oppstart av campusprosjekt i Volda

Text: Per Arne Brandal

- Updated

Konkurranse og strukturendringar

Kristin Dale Selvig frå Statsbygg minte om universiteta og høgskulane sitt samfunnsoppdrag: undervisning, forsking og formidling til samfunnet.

b02ff599a8fffc5d3e742cb9b11330af

– Høgskulane må opne seg for verda. Dei må bli flinkare til å formidle og rettferdiggjere sin eksistens, sa Kristin Dale Selvig frå Statsbygg Region Midt-Noreg.

Bygg som konkurransefortrinn

– Internasjonalt er det stort fokus på campusutvikling. Bygg som innsatsfaktor i undervisning, forsking og formidling blir stadig viktigare som potensiell konkurransefordel i kampen om studentane og dei beste forskarane, sa Selvig.

Kva kjenneteiknar ein god campus?

Kristin Dale Selvig peika på fleire faktorar som er kjenneteikn på ein god campus:

  • Gode og fleksible bygg og undervisningslokale
  • Openheit mot byen rundt campus, involvering av lokalmiljø og næringsliv
  • Gode, grøne uteareal med møteplassar og moglegheit for aktivitet
  • Fleire funksjonar i tilknyting til/på campus : Barnehagar, høve til rekreasjon, kafear og butikkar
  • God tilkomst
  • Sambruk av bygg og lokale

Korleis skape ein campus i verdsklasse?

16f65d1144c5b0af61e9b0e757330041

Kjenneteikn på ein god campus.

Statsbygg og campusutvikling

Det er Statsbygg som bygg og driftar hus for statlege føremål. Kristin Dale streka under at dei var opptekne av å følgje opp leigetakarane sine behov. Statsbygg vil vere med på langsiktig strategisk tenking rundt korleis eit universitets- eller høgskuleområde skal utvikle seg.

Statsbygg har gjennom Campusutviklingsprosjektet prøvt ut ein modell for å lage langsiktige utviklingsplanar der institusjonane sine behov vert sett inn i ein regional samanheng og vert knytt nærare til dei kommunale planprosessane.

I Noreg har kvalitet i utdanning og forsking fram til no i hovudsak handla om studietilbod, lærekreftene som vert stilt til rådvelde, forskingsmidlar og fasilitetar. Bygg som innsatsfaktor i undervisning og forsking har ikkje i like stor grad vore på dagsordenen.

Campusutvikling i Volda

På seminaret kom det fram at Høgskulen i Volda har ein del bygningsmasse som ikkje møter dagens krav til eit godt læringsmiljø.

c05304b587b5c0049dd78fdc05924c81

– Vi har det trongt. Vi har mange gode lokale, men vi har også mange av dårleg kvalitet. Animasjonsutdanninga vår er på topp i Skandinavia, men held til i eit bomberom. Avdeling for mediefag, eit anna flaggskip ved HVO, held til i eit bygg som Statsbygg hevdar har «negativ verdi», sa rektor Halse.

I dette prosjektet som HVO-leiinga no lanserer ønskjer ein å gjere ein analyse av heile campus: arealbehov, nybygg, trafikk- og parkeringsløysingar og uteområde.

Eit nytt signalbygg vil setje Volda på kartet

Rektor Halse kunne fortelje at Høgskulen i Volda ønskjer å utvikle eit innovativt senter for mediering og formidling med tidsmessige lokalitetar og oppdatert utstyr.

– Eit slikt bygg vil setje Volda på kartet, sa han og minte forsamlinga om Kaarstad-huset som vart oppført i 1922.

b47163660a56a3286abb12823218e2b8

Det monumentale Henrik Kaarstad-huset.

– Henrik Kaarstad-huset, som stod ferdig i 1922, var eit veldig løft for Volda. På den tid hyste dette signalbygget den største  lærarutdanninga i Norden, sa rektor Per Halse. 

Ny teknologi og betre kommunikasjonar = NYE BEHOV

Høgskulen i Volda har mange utfordringar når det gjeld bygg og andre forhold på campus. Høgskulen satsar på fjernundervisning og til det trengs det nye spesialrom med avansert teknologi. Kvivsvegen og Eiksundsambandet har ført til at fleire studentar pendlar, noko som har ført til at parkeringsplassane er overfylte. Det er også uheldig at studentar må krysse E39 for å kome til studentsamskipnaden sine lokale

Høgskulen i Volda – viktig for Volda og viktig for regionen

– I eit slikt prosjekt er også eit høve til å diskutere høgskulen si rolle i regionen. Vi må sjå på kva moglegheiter vi har for å samarbeide med både det private og det offentlege arbeidslivet og kulturlivet. Vi ønskjer også å sjå på sambruk av lokale og  andre ressursar, sa rektor Per Halse.

Største høgskulen i fylket

Høgskulen i Volda er den største høgskulen i fylket og er viktig både for lokalsamfunnet og regionen. Høgskulen er ein stor arbeidsgjevar med over 300 høgt kvalifiserte medarbeidarar.

Auke i studenttalet

HVO har hatt ein sterk auke i studenttalet dei siste åra og har no nær 4000 studentar, av desse er om lag 2200 på campus. Møreforsking og studentsamskipnaden er også lokaliserte her som følgje av at HVO ligg i Volda.

– Samla generer dette ei omsetjing i regionen for om lag 650 millionar kroner. Dei mange kulturelle aktivitetane som har sitt utspring i høgskulen er også med på å gjere regionen vår attraktiv, seier Halse.

5e4e3612157b3566935105447b61b42a

Rådmann Rune Sjurgard peika på kor viktig Høgskulen er for Volda kommune. 

Aktørar og fokusområde i ein campusutviklingsplan

Høgskulen i Volda er eigaren av campusutviklingsprosjektet i Volda. Andre aktørar er Statsbygg, Volda kommune, næringslivet, organisasjonar og lag.

– I ein utviklingsplan er det mellom anna viktig å ha fokus på byplanmessige forhold, sosiale forhold, fysiske forhold og læringsmessige forhold, sa Kristin Dale Selvig.

Planarbeidet

bc8ef27a26d063e086fd8a49b5651b8d

Representantar frå Statsbygg saman med HVO-leiinga. Frå venstre: Frank Lande (Statsbygg Volda) , regionsdirekør Kjetil Lehn (Statsbygg Region Midt-Noreg), sekretær for prosjektet i Volda Marit Flø (HVO), Britt Sylte (Statsbygg Region Midt-Noreg), eigedomsforvaltar Geir Skåren (Statsbygg Region Midt-Noreg), Kristin Dale Selvig (Statsbygg), rektor Per Hasle og høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.  

En campusutviklingsplan vert utarbeidd gjennom ein prosess der både studentar og tilsette, næringsliv og regionale og kommunale offentlige etatar tek del. Prosessen tar utgangspunkt i høgskulen sine behov på kort og lang sikt

1419b309b5e1b43003d706b4f3ffbafc

Aktuelle spørsmål er:

  • Tar lokalsamfunnet ut mulige synergieffektar?
  • Er samspelet mellom lokalsamfunn og høgskulen fullt utnytte?
  • Kva for samarbeidsmoglegheiter finns mellom lokalsamfunnet sitt nærings- og kulturliv og høgskulen?
  • Korleis kan høgskulen sine bygg og areal utvikle seg på kort og lang sikt?
  • Kva for tiltak er det behov for å gjennomføre?
  • Kva skal være høgskulen sin visjon og profil?

Gjennom arbeid ei høgskulegruppe, ei arealgruppe og ei gruppe for  næringsliv og lokalmiljø og ei styringsgruppe, går ein gjennom eksisterande forhold. Det blir formulert målsettingar for morgondagens campus, og ein foreslår tiltak. Gjennom samarbeidet kan det dukke opp fornuftige samarbeidsprosjekt mellom ulike aktørar. 

Tema for høgskulegruppa

  • Studietilbod  og fagprofil
  • Nye læringsformer og konsekvens for rom- og arealbehov
  • Framtidsperspektiv/tendensar i høgare utdanning og for Volda spesielt
  • Sosiale forhold på HVO, eksisterande tilbod; sosiale og kulturelle møtesteder – fungerer det bra? Nye behov?
  • Behov for samarbeid med lokalmiljøet ut frå eit faglig perspektiv, praksis
  • Samarbeid og arbeidsdeling. Konsekvensar for HVO? 

Tema for arbeidsgruppe næringsliv og lokalmiljø

  • Fokus: Synergieffektar. Høgskulen si rolle i lokalmiljøet. Kvifor er HVO viktig for Volda og regionen?
  • HVO si rolle i forhold til regionens utvikling, og muligheiter HVO gir for utvikling og vekst i lokalsamfunnet.
  • Samarbeid med arbeidslivet i regionen. Felles prosjekt? Sambruk av lokale og ressursar?
  • Nærare samarbeid med kulturlivet? 

Tema for arealgruppa

  • Beskrive status i dag. Blir lokala utnytta på ein god måte? Identifisere behov for planendringar og nybygg
  • Behov i forhold til Volda/byplanmessige behov
  • Beskrive og vurdere transportbehov/kommunikasjon
  • Utvikling av HVO sine område på lang sikt, bl.a. ut frå behov frå dei to andre gruppene
  • Utvikling av uteområde
  • Plassering av dei ulike funksjonane det er behov for på lang sikt, i samanheng med byen/staden m. m.

Share on