Scoping review som metode i litteratursøk

Scoping review:

  • Systematisk forskingskartlegging eller kunnskapsoppsummering.
  • Oppsummerer allereie publisert forsking innan eit tema eller fagfelt, i staden for å samle inn datamaterialet sjølv.
  • I ei masteroppgåve eller bacheloppgåve vel ein gjerne å avgrense til vitskapelege artiklar (forskingsartiklar), men ein kan også velje å ta med andre typar publikasjonar som f.eks. rapportar og bokkapittel.
  • Systematiske litteratursøk utgjer datainnsamlinga i ein scoping review og er eit viktig element i metodedelen.

Kva er eit systematisk litteratursøk?

Ein strukturert søkeprosess som er godt dokumentert, transparent og etterprøvbar.

Framgangsmåte ved systematiske litteratursøk

  • Identifiser søkeord/søketermar.
  • Start med nokre innleiande søk (testsøk). Du kan bruke Oria, databasar på fagsidene og f. eks. Google Scholar.
  • Justering og evt. spissing av søkeord er ofte nødvendig etter dei innleiande søka.
  • Bruk skjema for litteratursøk (gjerne PCC-skjema) og skriv inn ulike søkeord med synonym og kombinasjonar.
  • Lag deg ein søkestrategi og set opp søkestrengar med utgangspunkt i søkeskjema.
  • Til det systematiske søket bør du søke i minst to forskjellige databasar (eller avtal med rettleiar). NB! Ikkje Google Scholar.
  • Prøv å utføre søka så likt som mogeleg i dei databasane du søker i.
  • Bestem relevanskriterium (inklusjons- og eksklusjonskriterium)
  • Fyll ut søkelogg, vel gjerne skjemaet «Søkelogg til systematiske litteratursøk» og skriv inn dato for søket, databasar, søkestrengar, avgrensingar, tal på treff, tal på lesne titlar, tal på lesne abstracts, tal på lesne artiklar og inkluderte artiklar som du står igjen med til slutt.
  • Tips: Lag deg eigen konto i databasane du skal bruke, slik at du kan lagre søk og treff.
  • Suppler om nødvendig det systematiske søket med nokre manuelle søk eller «handsøk», f. eks. siteringssøk el. søk på forfattarar du kjenner til innan fagfeltet. Dei manuelle søka må dokumenterast.
  • Hugs å luke ut duplikatar – same artikkel kan dukke opp i fleire databasar. Tips: Du kan laste referansane dine inn i Zotero og gjere duplikatsjekk der.

Prisma flytdiagram

  • Kan brukast for å illustrere og dokumentere informasjonsflyten gjennom dei ulike fasane av ein systematisk litteraturgjennomgang.
  • Viser talet på treff som blei identifisert, inkludert og ekskludert samt årsakene til eksklusjonane
  • Last ned Prisma flytdiagram

Master- og bacheloroppgåver med scoping review som metode

  • Du kan finne master- og bacheloroppgåver som brukar scoping review som metode i Norsk vitenarkiv (NVA) - Avansert søk.
  • Skriv «scoping review» i tittelfeltet og vel Masteroppgave eller Bacheloroppgave under kategori.