Eksamenskonsertar for bachelor i musikk
To kveldar med seks varierte konsertopplevingar – gratis inngang: Velkomen til eksamenskonsertar for bachelorstudentane i musikk på Rokken!
Utsnitt frå illustrasjonsfoto av Marius Beck Dahle.
Studentane på bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda (HVO) inviterer til konsertar på Rokken Scene (Studenthuset Rokken) tysdag 17. og onsdag 18. mars 2026.
Konsertane inneheld stor variasjon, men har hovudvekt på pop og rock. Kva konsert varer mellom 30 og 40 minutt og utgjer den praktiske delen av eit bachelorprosjekt for tredjeårsstudentane i musikk.
Ettersom det er pausar mellom kvar konsert, kan du velje kor masse musikk du vil høyre på ein kveld – og det er gratis inngang på alle konsertane.
- Tysdag 17. mars kl. 18.00–21.00 blir det tre konsertar.
- Onsdag 18. mars kl. 17.00–20.00 blir det tre konsertar.
Velkomen til eit innblikk i bachelorstudentane si musikalske verd!