Informasjon til eksterne sensorer

Høgskulen i Volda gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow. All sensur blir registrert digitalt.

Her har vi samla det du som ekstern sensor treng for å vurdere eksamenar i WISEflow.

Du får ei oversikt over innlogging, korleis du finn arbeidet ditt, korleis du les og kommenterer oppgåver og korleis du registrerer og sender inn karakter.

Slik kjem du i gang

Steg 1: Logg inn i WISEflow

  1. Gå til wiseflow.net/hivolda.
  2. Vel Høgskulen i Volda.
  3. Logg inn på følgjande måte:
    • Ekstern sensor med norsk fødselsnummer: Logg inn med MinID eller BankID.
    • Ekstern sensor utan norsk fødselsnummer: Logg inn med Feide. Om du manglar Feide-brukar frå Høgskulen i Volda (HVO), ta kontakt med IT-hjelp på 5400@hivolda.no.

Dersom du til vanleg brukar WISEflow ved ein annan institusjon, kan det hende du må opne lenkja i eit privat nettlesarvindauge (inkognitovindauge) for å få tilgang.

Steg 2: Finn flowen (eksamenen) du skal sensurere

Når du har logga inn, kjem du til ei framside med ei liste over flowar.

  1. Klikk på fana Sensor øvst på sida.
  2. Finn eksamenen i lista og klikk på tittelen, eller på tidslinja for flowen.
  3. Sjekk at vurderingsperioden er i gang – det betyr at du kan begynne å sensurere.

Steg 3: Bli kjent med flowsida

FLOWsida er utgangspunktet for alt sensurarbeid. Her kan du for eksempel gå direkte til oppgåvene, sensorrettleiinga, karaktersetjing eller likskapsrapportar.

Slik les du svara i WISEflow

Sensorverktøyet er sjølve leseflata der du opnar svaret, skriv merknadar og navigerer mellom kandidatar. Du opnar verktøyet ved å trykkje på «Start vurdering».

Bruk navigasjonshjulet

Nedst til venstre i WISEflow finn du navigasjonshjulet. Det er viktig å bruke dette for å navigere enklast mogleg mellom kandidatane, og mellom dei ulike oppgåvene dersom eksamenen har fleire element. Alternativt kan du bruke hurtigtast Ctrl + pil opp/ pil ned.

Bla mellom deltakarar

Du kan også bla mellom deltakarane utan å lukke vurderingsverktøyet ved å klikke på deltakarsymbolet i venstre meny.

Laste ned svara (for utskrift eller offline-lesing)

Ønskjer du å lese svara på papir eller utan nettilkopling, kan du laste ned alle svara samla via Offline vurdering. Endelege karakterar må likevel registrerast digitalt i WISEflow.

Slik gjer du det:

  1. Klikk på «Offline vudering» øvst til høgre på flowsida.
  2. Gå til fana Pakkeinnhald og kryss av for det du vil ha med i nedlastinga.
  3. Gå til fana Eksporter og klikk på «Generer pakke».
  4. Klikk på «Hent zip-fil» og opne mappa. Du får ei PDF-fil per kandidat.
  5. For å skrive ut alt samla: Marker alle PDF-filene du vil skrive ut, høgreklikk på ei av dei markerte filene, og vel «Skriv ut» i menyen.
Likskapsrapport i plagieringsverktøyet (Inspera Originality)

I WISEflow får du tilgang til plagiatrapportar genererte av Inspera Originality for alle oppgåvene. 

Likskapsprosenten åleine seier ikkje om eit svar inneheld plagiering. Både høge og låge likskapsprosentar må alltid vurderast i samanheng med sjølve innhaldet i oppgåva.

Slik les du rapporten:

Når Inspera Originality finn frasar som liknar på noko frå andre tekstar, blir desse merka med rosa farge. Du kan klikke på ein merka frase for å sjå nærare på kva likskapen går ut på.

Dei mest like dokumenta er lista opp på sida. Der ser du kor stor prosent likskap oppgåva har med kvart enkelt dokument. Det er dei same kjeldene du finn ved å utforske dei rosa felta i rapporten, men her får du ei god oversikt over kva kjelder du eventuelt bør undersøkje nærare.

Sjå rettleiinga til Inspera Originality for meir detaljar.

Sensur

I verktøylinja finn du fleire nyttige verktøy du bør utforske første gongen du brukar WISEflow. Her kan du laste ned, skrive ut, zoome, vise i fullskjerm, rotere, få oversikt over oppgåva, søke, sjå ordteljing og mykje meir.

Du kan kommentere og markere direkte i oppgåva, og velje om markeringane skal vere private eller delast med studenten og/eller medsensor.

Øvst til høgre i biletet finn du fire knappar. Det er her du blant anna finn funksjonen for å gi poeng og/eller setje karakter.

Innleveringsoversikt – Her ser du hovuddokumentet og vedlegg som studenten har levert inn.

Tilbakemelding på innlevert oppgåve – Som oftast blir dette feltet brukt til å skrive notatar før samsensur. Du avgjer om det som står her skal vere berre for deg (privat), eller om det skal delast med medsensor og/eller studenten.

Vurdering – Her set du karakteren.

Karaktergrunngjeving – Her kan du legge inn karaktergrunngjeving. Du kan bruke tekstfeltet eller laste opp ei fil med grunngjevinga.

Administrativ vurdering – Ved eksamenar der studenten ikkje møter, til dømes munnleg eksamen, kan du registrere «Ikkje møtt» under Administrativ vurdering dersom eksamensteamet ikkje allereie har gjort det.

Sensur skal førast direkte i WISEflow. Sjå rettleiing for sensor i WISEflow.

Spesielt om sensur ved eksamenar med automatisk og manuell poenggiving

FLOWmulti er ei eksamensform der spørsmåla er delte opp i seksjonar, med ei blanding av fleirvalsoppgåver og opne oppgåver. Nokre spørsmål blir retta automatisk, medan du må gi poeng manuelt på andre. Du kan også bruke ein karakteromreknar som set karakter ut frå poengsummen.

Det du treng å vite:

  • Øvst ser du total poengsum og poeng for den gjeldande seksjonen.
  • Sensorrettleiing for enkeltspørsmål vert berre vist for deg, ikkje for kandidaten.
  • Automatisk retta spørsmål er tydeleg markerte. Du må sjølv legge inn poeng manuelt på oppgåver med tekstsvar, opplasting eller liknande.
  • I vurderingsfana kan du sette karakter direkte, eller rekne om poeng til karakter ved hjelp av terskelverdiar.
Munnlege og praktiske eksamenar

Kandidatar som ikkje møter til eksamen eller trekkjer seg undervegs, skal ikkje gjevast karakter. For desse skal du registrere enten «Avbrot» for dei som møter opp og trekkjer seg, eller «Ikkje møtt» for dei som ikkje møter.

Dette gjer du under Administrativ vurdering:

  1. Opne vurderinga for kandidaten.
  2. Klikk «Alternativ vurdering» i vurderingspanelet.
  3. Vel «Ikkje møtt» eller «Avbrot» i nedtrekksmenyen, og send inn.
Sende inn karakter

Du kan sende inn karakterane samla via «Send inn alle» på flowsida, eller enkeltvis via «Send inn» når du har registrert karakteren på den einskilde studenten.

Dersom du og medsensor har sendt inn ulike karakterar, viser WISEflow eit varsel. Når de har vorte einige om ein endeleg karakter, må begge registrere den nye karakteren og klikke på «Send inn» på nytt. Først då blir karakteren endeleg.

Mistanke om fusk

Dersom det er mistanke om fusk i ei oppgåve, skal du likevel legge inn karakter som vanleg i WISEFlow.

Sjekk om emneansvarleg har stilt særskilte krav til kjeldeføring og aktsamheit rundt kunstig intelligens i eksamensoppgåva og sensorrettleiinga.

Meld inn mistanke om fusk via dette nettskjemaet: https://nettskjema.no/a/fusk

Grunngjeving

Kandidaten kan be om grunngjeving etter at sensuren er publisert. Intern sensor har hovudansvaret for å svare på slike førespurnader, men som ekstern sensor kan du bli beden om å bidra. Du kan også leggje inn ei førehandsdefinert grunngjeving samtidig som du registrerer karakteren.

Når ein kandidat ber om grunngjeving, får intern sensor ein e-post med lenkje til oversikta over grunngjevingsførespurnader i WISEflow. Førespurnaden blir først tildelt intern sensor. Dersom du som ekstern sensor skal skrive grunngjevinga, må intern sensor først fjerne tildelinga. Deretter kan du tildele førespurnaden til deg sjølv og skrive grunngjevinga.

Slik gir du ei grunngjeving når ein kandidat har bede om det:

  1. Klikk på Sensor – Grunngjevingar for å sjå oversikta over grunngjevingsførespurnader.
  2. Klikk på svar-ikonet (pila) i rada for kandidaten det gjeld
  3. Skriv grunngjevinga i panelet som opnar seg, og trykk «Send inn».

Slik legg du inn ei grunngjeving på førehand

Du kan skrive grunngjevinga samtidig som du registrerer karakteren. Ho blir lagra i WISEflow og kan sendast til kandidaten dersom det seinare kjem ein førespurnad om grunngjeving.

  1. Set karakter som normalt i vurderingsverktøyet, men klikk på «Karaktergrunngjeving» før du sender inn.
  2. Vel «Last opp fil» eller bruk penn-ikonet for å skrive teksten rett inn i systemet.
  3. Trykk på «Lagre» for å lagre grunngjevinga.
Klagesensur i WISEflow

Fristen for å klage på sensuren er tre veker frå den dagen sensuren blir kunngjord. Ber studenten om grunngjeving, vert klagefristen justert ut frå tidspunktet då grunngjevinga vart gjeven.

Dersom ein student klagar på sensuren, skal klagesensuren gjennomførast utan ugrunna opphald, det vil seie så raskt som mogleg.

Slik finn du klagene:

  1. Du får eit varsel på e-post når du har vorte tildelt ei klage.
  2. Logg inn i WISEflow.
  3. Gå til startsida i sensorfana og klikk på Klagar øvst til høgre. Når du klikkar på denne knappen, får du ein tydeleg og samla oversikt over alle klager du har fått tildelt, på tvers av dei ulike flowane du er sensor for.
  4. Følg med på den individuelle vurderingsfristen for kvar enkelt student, då denne vil variere. Fristen som står i sjølve flowen, er den totale perioden det kan kome inn nye saker i.

I oversikta ser du kor lenge klageflowen er open for nye klager. Sidan klagefristen blir rekna frå den dagen studenten fekk grunngjevinga, kan det kome inn nye klager fortløpande i denne perioden.

Sensurregistreringa går føre seg på same måte som ved ordinær sensur.

Betaling for utført sensur

Dersom du har oppdragsavtale med Høgskulen i Volda, vert utbetalinga gjennomført etter sluttdatoen for oppdraget er passert, utan at du treng å gjere noko sjølv. Utbetalingstidspunktet er normalt 16.-18. og 27.-30. i kvar månad. Betalinga kan kome på andre datoar.

Dersom du er tilsett ved Høgskulen i Volda på timebasis og har signert ein timekontrakt, må du sende inn timeliste i DFØ-appen eller i Selvbetjeningsportalen for å få utbetalt løn. Når du fyller ut timelista, skal du ta utgangspunkt i talet på kandidatar du har sensurert. Utrekninga av timetalet går fram av timekontrakten. Husk å legge til timar for grunnhonorar dersom du skal ha det.

Her finn du rettleiing til korleis du sender inn timeliste, enten via app eller portal. Vi rår til at du nyttar DFØ-appen.

DFØ-app | DFØ

Utbetaling av timekontrakt – for deg som er timelønnet (selvbetjeningsportal) | DFØ