Dokumentarfilmen "Husker du meg?"

Husker du meg

Styret i demensforeininga i Ørsta/Volda, og Institutt for sosialfag ved høgskulen inviterer alle interesserte til å sjå dokumentarfilmen «Husker du meg» og å møte regissøren Ragnhild Nøst Bergem.

Om lag 4000-5000 av dei med demens i Norge i dag er under 65 år, i fylgje Nasjonalforeininga for folkehelsa. Ragnhild Nøst Bergem arbeidde på avdeling for yngre personar med demens då ho blei kjend med Siri som hadde fått diagnosen - 38 år gamal. I filmen fylgjer vi Siri og to andre unge med demens - i kvardagen.

Ragnhild Nøst Bergem (f. 1990) er fotograf og filmkunstnar frå Oslo. Ho har bachelor i dokumentarfilmregi frå Høgskolen i Lillehammer og fotografutdanning frå Oslo Fotokunstskole. Filmane hennar har vore viste på norske nett-tv-kanalar og på filmfestivalar i heile verda. Den siste dokumentaren “Husker du meg?” hadde verdspremiere på den Internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam i 2016. Filmen vann pris for beste dokumentar under Amandus Internasjonale Studentfilmfestival i 2017 og den blei same år antatt til Haustutstillinga, Statens Kunstutstilling.

Ragnhild Nøst Bergem

«Jeg tror og håper at filmen kan bidra til at folk kan forstå mer om hvordan det er å ha demens i ung alder og hvordan det påvirker de rundt.»
Regissør Ragnhild Nøst Bergem.

 

Det er gratis og ope for alle.
Hjarteleg velkomne!

 

 

Mette-Marit Aasebø - Leiar i demensforeininga
Eli Fjeldseth Røys - Emneansvarleg for vidareutdanninga; Miljøterapi i demensomsorga (MILD)

 

Del på