Disputas: Eirik Holmen (NTNU Dragvoll)
Fredag 5. juni forsvarer Eirik Holmen avhandlinga si for ph.d.-graden ved NTNU i Trondheim. Avhandlinga har tittelen Forced to collaborate? The Norwegian shipyard industry responding to German demand, command, and regulation during the occupation (1940-1945).
Eirik Holmen. Foto: HVO / Tone Solhaug.
Eirik Holmen har vore stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag og historie på Høgskulen i Volda. Han har følgt doktorgradsprogrammet i historie- og kulturfag ved NTNU.
I avhandlinga undersøkjer Holmen korleis norske stålskipsverft samarbeidde med den tyske okkupasjonsmakta i perioden 1940–1945 og kva verknader dette fekk for verfta. I forkant av disputasen fredag 5. juni 2026 held Holmen prøveforelesing over temaet «Forced Labour in Norway during the German Occupation».
Prøveforelesinga byrjar kl. 10.15 og disputasen kl. 12.30. Begge finn stad i auditorium D3 på NTNU Dragvoll i Trondheim, og arrangementet kan strøymast her (direktesending på Zoom).