Digital lunsj

Institutt for sosialfag har utvikla eit nytt vidareutdanningstilbod til sosialarbeidarar som er heilt unikt i sitt slag her til lands: Helsefag for sosialarbeidarar. Studiet er på 30 stp, er nettbasert med tre samlingar og ei praksisperiode. I utviklinga av studiet vart det lagt stor vekt på å utvikle eit læringsdesign som stimulerte studentane til å jobbe jamt gjennom heile semesteret, og som støtta studentane sine læringsprosessar ved hjelp av nettbaserte læringspakkar.

 

Får etterspurd helsekompetanse i ny vidareutdanning

 

Ta gjerne med matpakken din, du får kaffi, te og frukt.

 

Velkomen til å lære meir om korleis kollegaer jobbar med å fornye utdanningstilbodet!

 

 

Share on