Det potensielle rommet- Seminar om møtet mellom kultur og skule

26. og 27. september inviterer Høgskulen i Volda til seminaet Det potensielle rommet- eit seminar om møtet mellom skule og kunst og kultur. Dette blir skipa som ein del av Prøvekluten 2007 og Forskingsdagane 2007. Leiar for Familie- og kulturkomiteen, stortingsrepresentant May-Helen Molvær Grimstad opnar seminaret.

Møreforsking vil presentere ei omfattande undersøking av Møremusikarordninga, forbudsleiar i Norsk skuespillerforbund, Agnete Haaland kjem og snakkar om kommunale nettverk og representantar frå Møre og Romsdal fylke med gjer greie for deira syn på kulturpolitikk.

I tillegg kan vi by på kulturelle innslag av høg kvalitet.

Seminaret er lagt til veke 39. I denne veka vil Høgskulen i Volda vere arena for nok ei hektisk arbeidsveke for kunstnarar som deltek på Prøvekluten 2007, eit arrangement der kunstarar innanfor ulike sjangerar får høve til å arbeide med produksjonar til Den kulturelle skulesekken i nært samarbeid med med høgskulen sine kulturfagtilsette.

potrom_web

Les meir om Prøvekluten på www.hivolda.no/provekluten

Del på: