Bustad i Volda

Å bu godt er ein viktig del av studentlivet. I Volda er du tett på det meste, og dei fleste bustadane ligg plassert slik at du har kort gå-avstand til høgskulen og sentrum.

 

Landets billegaste
Ei undersøking gjennomført av Høgskulen i Volda i 2017 viser at studentane som bur i Volda betalar gjennomsnitleg 3600 i leige per månad. Les meir her
 

Bustad hos Studentsamskipnaden
Studentsamskipnaden i Volda tilbyr husvære for einslege, par og familier. Samskipnaden disponerer totalt 456 bustadar. 
 

Private bustadar
Det finst eit godt utval med bustadar på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du finn også mykje på Facebook-sida Til leige i Volda og Ørsta