Bur det ein lærar i deg? Vel møtt til utdanningstorg ved Høgskulen i Volda

Har du lyst til å byrje på ei av lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda? Eller er du føresett, rådgjevar, skuleeigar eller generelt interessert? 

Onsdag 18. mars frå kl. 16.00 18.00 er alle hjarteleg velkomne til eit uformelt utdanningstorg i kantina i Berte Kanutte-huset på høgskulen.   

  • Få informasjon om barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, PPU og vidareutdanning
  • Møt fagtilsette og studentar
  • Still spørsmål om studium, studiekvardag og yrkesmoglegheiter

Seminar og workshop

Tidlegare på dagen arrangerer Avdeling for lærarutdanning og humanistiske fag (AHL) seminaret "Framtida for lærarutdanningane i Volda", som rettar seg mot samarbeidspartnarar i praksisfeltet. 

Del på: