Boklansering: «Å skrive seg inn i profesjonen»: lanseringsseminar med bidrag om akademisk skriving
Velkomen til lanseringsseminar for den vitskaplege antologien Å skrive seg inn i profesjonen. Eit akademisk blikk på akademisk skriving i profesjonsutdanningar på høgskulen 4. mars.
Bokomslag: Fagbokforlaget. Foto: HVO.
Boka er redigert av tre HVO-tilsette: professor Roar Stokken ved Institutt for sosialfag, rådgivar Elin Gundersen ved høgskulebiblioteket og førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle ved Institutt for språk og litteratur. Heile 20 fagfolk på tvers av avdelingar og institutt ved HVO, og nokre tidlegare tilsette ved HVO, har bidrege til dei 13 kapitla i boka.
På lanseringsseminaret vil forfattarane presentere bidraga sine til det tverrfaglege prosjektet. Alle interesserte er velkomne, og det blir servering av sveler og kaffi.
Forlaget omtaler boka slik: «Akademisk skriving må lærast. Det er ein krevjande sjanger som både studentar og fagtilsette er avhengige av i sitt akademiske arbeid. Dette gjeld anten ein skal forstå det ein les, formidle det ein les, eller skrive sjølv. I denne antologien møtest ulike fagtradisjonar. Bidraga representerer ei stor fagleg breidde, og dei skaper både kvar for seg og samla ny kunnskap om akademisk skriving i profesjonsutdanningar. Forfattarane viser fram ulike aspekt ved akademisk skriving på tre ulike nivå: skriving, støtte og strukturar.» Les meir på fagbokforlaget.no.
Hendinga finn stad onsdag 4. mars kl. 12–15 på «Skildringa» (HS 227) i Hans Strøm-huset ved HVO.
Velkomen!