Bokbad med Jan-Erik Fjell
Det har hendt eit litterært mord i Volda, og vi er klare for å ynskje krimforfattar Jan-Erik Fjell velkommen til Tredet!
Det er sjølvaste Rotsethornet som har fått æra av å pryde framsida av Fjell si nyaste bok, Ringmannen. Ikkje nok med at handlinga i krimboka føregår i Volda, men Tredet er også med i forteljinga.
Korleis vart akkurat Volda med i den nye boka til Fjell? Kvifor er Johann Roppen, rektor på Høgskulen i Volda, på takkelista til forfattaren? Svar på desse mysteria får du når nettopp rektor Roppen bokbadar krimkongen Fjell på Tredet.
Har du ikkje lest Ringmannen enda vil vi råde alle som elskar spenning til å lese denne, og/eller ta turen til oss denne kvelden! Kvelden vert spanande også for deg som les boka i etterkant.
Inngang: Gratis