Relevanskriterium

Inklusjonskriterium

  • Retningslinjer som blir brukt til å bestemme kva studier som skal inkluderast i scoping reviewen
  • Inklusjonskriteria er ein viktig del av søket. Nokre avgrensingar gjer du når du set opp søket, andre avgrensingar er best å gjere frå trefflista
  • Hugs å skrive inklusjonskriteria inn i feltet for avgrensingar i søkeloggen

Eksklusjonskriterium

  • Retningslinjer som blir brukt til å bestemme kva studier som skal ekskluderast frå scoping reviewen

Eksempel på inklusjonskriterium

  • Ein spesiell type litteratur
    (f.eks. fagfellevurderte/peer reviewed artiklar, forskingsrapportar)
  • Språk (f.eks. norsk, nordiske språk, engelsk)
  • Land eller geografisk område
  • Aldersgrupper, populasjon
  • Årstal for publisering (f.eks. siste 10 år)
  • Studiedesign
  • Spesielt aspekt eller fokus ved emnet
  • Databasar

Eksempel på eksklusjonskriterium

  • Litteraturtypar som ikkje fyller vilkåra, f.eks. artiklar som ikkje er fagfellevurderte/peer reviewed
  • Andre aldersgrupper enn det som er spesifisert
  • Andre geografiske område enn spesifisert
  • Litteratur publisert før eit bestemt årstal
  • Studier som ikkje samsvarer med forskingsetiske retningslinjer/ikkje gjer greie for etikk
  • Andre aspekt ved emnet enn det som er fokus
  • Litteratur frå trefflista som ved skumming av tittel eller abstract viser seg å ikkje vere relevant for problemstillinga