Vise til kjelder og lage litteraturliste
I samband med bacheloroppgåver, masteroppgåver og andre skriftlege arbeid, er det nødvendig å referere til noko andre har skrive eller sagt. Bruk av kjelder viser at du har oversikt over stoffet, og hjelper deg med å byggje opp under eigen argumentasjon på ein overtydande måte.
Du må alltid vise til dei kjeldene du har brukt, slik at andre kan følgje referansane dine og finne det same som deg. Siteringar og litteraturlister skal gjere det enkelt for lesaren å skilje mellom det som er dine eigne tankar og resonnement, og det som er kjeldene dine.
Dersom du let vere å gi opp kjelder, kan du bli skulda for plagiering og i verste fall fusk. Det er ulovleg (jfr. Lov om opphavsrett til åndsverk m.v.) å gje att ein annan forfattar sin tekst på ein slik måte at lesaren kan få inntrykk av at det vert lagt fram originalt stoff.
Det finst ulike stilar for korleis ein fører opp kjeldene i teksten og i litteraturlista. Når du først har valt ein stil, må du følgje den konsekvent. Ulike fagfelt har gjerne tradisjon for å bruke sine bestemte stilar, og du må difor alltid høyre med faglæraren din om det er ein spesiell stil du skal bruke. Dersom det ikkje er det, tilrår vi at du brukar APA-stilen. Strategisk studienemnd ved HVO har gitt tilslutning til at biblioteket brukar APA-stilen i rettleiing om kjeldebruk for studentar.