Nytt tilbod! Kjeldesortering i biblioteket

Vert du APAtisk av tanken på kjeldelista, og synest du referansar er noko herk? Då kan vi glede deg med at biblioteket har starta opp ein ny kjeldesorteringsstasjon. Der kan du i vekene framover få hjelp og rettleiing i å sitere kjelder og sette opp litteraturliste etter APA-standarden.

Tidspunkt: Drop-in kvar tysdag og torsdag 11.30-14.00.

Du finn oss i tidsskriftkroken, vel møtt.

 

Illustrasjon til kjeldesortering