Nettkurs i akademisk skriving

Kildekompasset
Viser deg korleis du siterer kjelder og lagar litteraturliste. Du får også ei innføring i kjeldekritikk, lovgiving og opphavsrett. Kurset er laga av biblioteka ved Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Sørøst-Norge.

Søk & Skriv
Gir deg tips og råd i alle faser av skriveprosessen. Du får innføring i litteratursøk, akademisk skriving og kjeldebruk. Nettkurset er eit samarbeid mellom biblioteka ved Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, og Akademisk skriving ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, Universitetet i Bergen.

VIKO
Legg vekt på arbeidet med å lage problemstilling, utforme oppgåva, søke etter litteratur og vise til kjelder. Kurset er utarbeidd av NTNU Universitetsbiblioteket.

Podkasten om akademisk skriving
Gir deg skrivetips og studieteknikk rett på øyret,. Podkasten er eit samarbeid mellom biblioteka ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Østfold og Nord Universitet.