Kurstilbod for studentar

Kurstilbod for studentar

Kurs 1: Introduksjon til biblioteket, 30 minutt

Målgruppe:
Nye studentar på bachelor- og masterstudium

Stad: Biblioteket

Tal på deltakarar: Maksimum 20

Innhald:

Studentane skal lære å søke etter litteratur og bli kjende med biblioteket. Etter fullført kurs skal studentane:

  • Kjenne til biblioteket sine tenester og nettsider
  • Kunne gjere enkle søk etter litteratur i bibliotekdatabasen Oria
  • Kunne reservere bøker i Oria
  • Kunne finne fram i bokhyllene og i biblioteklokala elles

Forkunnskapar:
Ingen

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjon og omvising

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 3: Søkeworkshop - bachelor, 45 minutt

Målgruppe:
Studentar som skal skrive bacheloroppgåve

Stad:

Klasserom med stasjonære PC’ar, eventuelt i klasserom der studentane har med eigen PC eller Mac. Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 30

Innhald:
Studentane skal lære å søke etter faglitteratur til oppgåva si. Etter fullført kurs skal studentane:

  • Kunne bruke bibliotekdatabasen Oria og eventuelt andre fagrelevante nettsider og -ressursar til vidare søk om eit emne
  • Vere i stand til å finne litteratur i vårt bibliotek, og også kunne bestille litteratur frå andre bibliotek

Forkunnskapar:
Kunnskap om biblioteket sine tenester og nettsider, og kunne gjere enkle søk i Oria

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjon og eigenaktivitet på datamaskin

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 5: Søkeworkshop - master, 2 x 45 minutt

Målgruppe:
Studentar som skal skrive masteroppgåve

Stad:

Klasserom med stasjonære PC’ar, eventuelt i klasserom der studentane har med eigen PC eller Mac. Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 30

Innhald:
Studentane skal lære å søke etter faglitteratur til oppgåva si. På kurset lærer du å:

  • Vurdere litteraturbehov med utgangspunkt i eiga problemstilling
  • Bruke litteratursøk og søkestrategiar aktivt i arbeidet med oppgåva
  • Finne forskingslitteratur og fagfellevurderte artiklar gjennom søk i bibliotekdatabasen Oria og fagrelevante databasar

Forkunnskapar:
Kunnskap om biblioteket sine tenester  og nettsider, og kunne gjere enkle søk i Oria

Arbeidsmåtar:
Forelesing/demonstrasjon og eigenaktivitet på datamaskin

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 6: EndNote Online - master, 2 x 45 minutt

EndNote er eit verktøy for referansehandtering som du kan bruke til å samle og organisere referansane dine, og til å setje inn kjeldetilvisingar og få formatert korrekte litteraturlister i teksten din. EndNote er eit godt verktøy for alle som skriv akademiske tekstar.

Målgruppe:
Studentar som skal skrive masteroppgåve

Stad:
Klasserom med stasjonære PC’ar.
Eventuelt i klasserom der kursdeltakarane har med eigen bærbar datamaskin. Det er då eit krav at du før kurset har registrert deg
https://my.endnote.com og har lasta ned og installert hjelpeprogrammet «Cite While You Write». Rettleiing i korleis dette skal gjerast finst under Registrere seg på EndNote Online og Installere Cite While You Write (Word) .
Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 15

Innhald:
Kurset er eit introduksjonskurs til EndNote, og deltakarane skal etter kurset ha kunnskapar om:

  • Korleis legge inn referansar i EndNote
  • Korleis organisere EndNote-biblioteket
  • Korleis bruke EndNote i Word

Forkunnskapar:
Kurs 5 – Søkeworkshop - master, 2 x 45 minutt, eller å kunne søke etter faglitteratur i Oria

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjonar og øvingar på datamaskin.

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no