Slik registrerer du deg på EndNote Online
EndNote Online er ein nettbasert variant av EndNote som i utgangspunktet er gratis. Alle som ønskjer det kan lage seg ein brukarkonto og få tilgang via følgjande nettside: https://my.endnote.com.
Gjennom abonnementet biblioteket har på "Web of Knowledge", får studentar og tilsette ved HVO tilgang til ein noko utvida versjon av EndNote Online som mellom anna gir tilgang til fleire bibliografiske stilar (t.d. norskspråkleg, HVO-tilpassa variant av APA-standarden).
Dersom du ønskjer å få tilgang til den utvida versjonen av EndNote Online, må du registrere deg som brukar medan du er pålogga HVO sitt datanettverk. Det er enklast å gjere dette medan du er på campus. Eventuelt kan du logge deg på nettverket heimanfrå via fjerntilgang.
Når du har registrert deg éin gong som brukar, kan du opne di eiga side i EndNote Online frå alle pc-ar med internettilgang: https://my.endnote.com
NB! Dersom du vil halde fram med å ha tilgang til den utvida versjonen av EndNote Online som du får via HVO sitt nettverk, må du logge deg på via nettverket minst ein gong kvar 12. månad. Slik fornyar du tilgangen og sikrar deg at kontoen vert halden i gang.
For at EndNote og Word skal fungere saman, må du installere ei eiga EndNote verktøylinje i Word. Framgangsmåten finn du under Installere Cite While You Write.
FRAMGANGSMÅTE: REGISTRERE DEG PÅ ENDNOTE ONLINE - PC I NETTVERKET TIL HØGSKULEN I VOLDA
For å kunne bruke EndNote må du først registrere deg som brukar. Logg deg på ein pc i høgskulen sitt nettverk og finn fram denne sida, eller gå rett til https://my.endnote.com. Klikk der det står Sign up. No skal det kome opp eit skjema der du registrerer deg som brukar. NB! Pass på følgjande to ting: Særnorske bokstavar kan ikkje brukast. Passordet må vere minst 8 tegn langt, innehalde minst ein bokstav, minst eitt tal og minst eitt spesialteikn.
FRAMGANGSMÅTE: REGISTRE DEG PÅ ENDNOTE ONLINE - PC UTANFOR NETTVERKET TIL HØGSKULEN I VOLDA
Opne nettsida Fjerntilgang og følg vidare oppskrifta for å få fjerntilgang til nettverket. Når du har fått opp eit nytt skrivebord, klikkar du deg inn i nettlesaren din og går til https://my.endnote.com. Klikk der det står Sign up. No skal det kome opp eit skjema der du registrerer deg som brukar. NB! Pass på følgjande to ting: Særnorske bokstavar kan ikkje brukast. Passordet må vere minst 8 tegn langt, innehalde minst ein bokstav, minst eitt tal og minst eitt spesialteikn.