Samle referansar i EndNote Online

Alternativ:

  • Søke i databasar og hente inn referansar til EndNote 
  • Skrive inn referansar sjølv

Først skal vi sjå på korleis vi kan hente inn referansar frå nokre av dei mest aktuelle databasane som biblioteket har tilgang til.

Tips: Ofte må du redigere referansane som du hentar inn. Gjer dette med ein gong, og pass på at alle opplysningar ligg i rett felt.

Hente referansar frå Oria
Hente referansar frå Idunn
Hente referansar frå Academic Search Elite, ERIC, CINAHL og Teacher Reference Center
Hente referansar frå Sage Premier
Hente referansar frå Web of Science
Hente referansar frå JSTOR
Hente referansar frå OVID-basar (Medline, British Nursing Index, AMED, Embase, PsycInfo,  m.fl.)
Hente referansar frå Norart
Hente referansar frå ProQuest
Hente referansar frå PUBMED
Hente referansar frå Google Scholar
Hente inn nettside med capture-funksjonen
Skrive inn referansar sjølv
Redigere referansar

HENTE REFERANSAR FRÅ ORIA

  • Frå trefflista finn du den referansen du vil importere til EndNote. Klikk på «Send til» og deretter på "EndNote Web".
  • Eit EndNote-vindauge skal no kome opp på skjermen.
  • Klikk på "My references" og deretter på "Unfiled references" i menyen til venstre for å finne den nye referansen.
  • Sjekk om alle felt har vorte importerte korrekt, og gjer endringar dersom det er nødvendig.

HENTE REFERANSAR FRÅ IDUNN

  • Opne Idunn
  • Gjer eit søk og finn fram til den artikkelen du vil registrere i EndNote
  • Øvst på sida klikkar du på "Lagre referanse (RIS)"
  • Dersom du får eit mellomvindu, klikkar du på "EndNote Web" og "OK".
  • Referansen vert eksportert til EndNote og lagt i gruppa "Unfiled".
  • NB! Hugs å lese korrektur på referansen i EndNote etter import. Legg til opplysningar om sidetal i "pages"-feltet.

HENTE REFERANSAR FRÅ ACADEMIC SEARCH ELITE, ERIC, CINAHL OG TEACHER REFERENCE CENTER

  • Gå til basen og gjer eit søk.
  • Frå trefflista klikkar du på ikonet til høgre under "Share" for å legge referansane du vil ha med til EndNote i "Folder".
  • Gå til "Folder".
  • Merk av referansane som skal over i EndNote og klikk på ikonet for" Export".
  • Vel alternativ "Direct Export to EndNote Web".
  • Klikk på "Save".
  • Dersom du er pålogga EndNote Online, vert referansane automatisk lagra i mappa "Unfiled".
  • Dersom du ikkje er pålogga, blir du bedt om å logge inn før referansane vert overførte til mappa "Unfiled".

HENTE REFERANSAR FRÅ SAGE PREMIER

  • Gjer eit søk og hak av aktuelle referansar i trefflista ("Check item").
  • Klikk "Add citations".
  • Klikk "Save/Print/Email/Download".
  • Klikk "Download to Citation Manager".
  • Vel "Citation manager Formats - EndNote Web".

HENTE REFERANSAR FRÅ WEB OF SCIENCE

  • Opne Web of Science og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Vel alternativ "Save to EndNote Online" i rullemenyen på toppen.
  • Dersom du får opp eit mellomvindauge, klikkar du på "Send".
  • Referansane vert eksporterte til EndNote.

HENTE REFERANSAR FRÅ JSTOR

  • Opne JSTOR og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Klikk på "Export".
  • Vel "RIS file".
  • Klikk på fila du får opp nedst på skjermen.
  • Vel EndNote Web og OK.
  • Referansane vert eksporterte til EndNote.

HENTE REFERANSAR FRÅ OVID-BASAR (MEDLINE, BRITISH NURSING INDEX, AMED, EMBASE, PSYCINFO, M.FL.)

  • Opne Medline eller ein annan Ovid-base og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Klikk på "Export".
  • I rullemenyen "Export to" vel du EndNote.
  • Under "Selected fields to display" hakar du av for det alternativet du ønskjer.
  • Under "Include" hakar du av om du vil ha med URL.
  • Klikk på "Export citation(s)".
  • Dersom du får opp eit mellomvindauge vel du "EndNote Web".
  • Referansane vert eksporterte til EndNote.

HENTE REFERANSAR FRÅ NORART

  • Gå til Norart og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Vel  "Eksporter avmerka postar i Ris Import Format".
  • Du får opp eit nytt skjermbilete: Gå til fil og vel "Lagre som". Du treng ikkje endre filnamnet, men pass på at den vert lagra som ei txt-fil.
  • Gå til EndNote.
  • Under fanen "Collect" vel "Import References".
  • Bla gjennom og finn fila du lagra på pc-en, opne fila.
  • I Feltet "Import Option" vel du "Reference Manager (RIS)".
  • I feltet To: vel du kva mappe du vil lagre referansane i.
  • Trykk "Import".
  • Referansane er no lagra i den valde mappa.

HENTE REFERANSAR FRÅ PROQUEST

  • Gjer eit søk i ProQuest.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Klikk på "Export/Save".
  • Vel "EndNote, Citavi or Reference Manager".
  • Du får opp eit mellomvindauge, klikk "Continue".
  • Du får opp eit nytt mellomvindauge, vel "Åpne".
  • I mellomvindauget som kjem opp no, vel du "EndNote Web" og "OK".
  • Referansane vert eksporterte til EndNote.

HENTE REFERANSAR FRÅ PUBMED

  • Opne PubMed og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Under "Send to" vel du "Citation Manager" og deretter "Create File".
  • Du får opp eit mellomvindauge, vel "EndNote Web".
  • Referansane vert eksporterte til EndNote.

HENTE REFERANSAR FRÅ GOOGLE SCHOLAR

  • Still inn Google Scholar slik at det blir mogeleg å eksportere til EndNote: Klikk på  "Innstillinger", nedst på sida under "Bibliografiadministrering" vel du "Vis linker til å importere sitater inn i "Refman", og klikkar på "Lagre".
  • Søk opp referansen du vil importere. Klikk på "Importer til RefMan" under referansen. 
  • Du får opp eit mellomvindauge, vel "EndNote Web". Referansen vert eksportert til EndNote.

HENTE INN NETTSIDE MED CAPTURE-FUNKSJONEN 

  • Øvst i nettlesaren din skal det ligge ei verktøylinje for EndNote.
  • Dersom du vil registrere opplysningar om ei nettside i EndNote, klikkar du på "Capture" -knappen på verktøylinja når du har nettsida framme på skjermen.
  • Opplysningar om nettsida blir henta inn i eit eige registreringsvindauge for ny referanse i EndNote.
  • Gjer evt. endringar i registreringa, vel evt. gruppe du vil lagre referansen i, og klikk på "Save to EndNote".
  • Lukk vindauget, referansen er no lagra.

SKRIVE INN REFERANSAR SJØLV

  • Under fanen "Collect" vel du "New reference".
  • Vel "Reference Type" (dei vanlegaste er: journal article, book, edited book, book section, web page)
  • Fyll ut namn slik (Feltet Author el. Editor): Etternamn, fornamn. Døme: Haug, Peder .
    Skriv namnet fullt ut viss du kan, ikkje nøy deg med initialar. Registrer alle forfattarnamn.
    ; mellom forfattarnamna.
    Referansestilen vil bestemme forma på forfattarnamnet og kor mange namn som skal med.
  • Dersom forfattaren er ein institusjon, må du legge til eit komma etter institusjonsnamnet, td. slik: Høgskulen i Volda,
  • Registrer øvrige opplysningar.
  • Vel kva gruppe du vil legge referansen i (øvst på sida).
  • Klikk på "Save".

REDIGERE REFERANSAR

  • Når du har framme ei referanseliste på skjermen, klikkar du på tittelen på den referansen du ønskjer å redigere.
  • Klikk på feltet du vil redigere.
  • For å lagre endringar, klikkar du utanfor det aktuelle feltet.
  • Dersom du angrar deg, kan du klikke på "Revert reference".
  • Gjenta prosedyren for kvart felt du ønskjer å redigere.