Importere referansar frå databasar til EndNote

Frå søk i databasar kan du importere referansar (kjelder) til EndNote-biblioteket ditt. Måten du gjer det på, varierer litt frå database til database. Her er ein oversikt over korleis du hentar referansar frå dei ulike basane og tenestene vi har tilgang til.

Hente referansar frå Academic Search Elite, CINAHL, ERIC og Teacher Reference Center

  • Gå til basen og gjer eit søk.
  • Frå trefflista klikkar du på ikonet til høgre under "Share" for å legge referansane du vil eksportere i "Folder".
  • Klikk på "Folder view".
  • Merk av referansane som skal over i EndNote og klikk på ikonet for" Export".
  • Vel alternativ "Direct Export in RIS format" (evt. "Direct export to EndNote web" om du brukar EndNote online)
  • Klikk på "Save".
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil det kome opp ein dialogboks som spør korleis den skal forhalde seg til den aktuelle fila. Vel å opne den.
  • Referansane vert importerte til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Google Scholar

  • Still inn Google Scholar slik at det blir mogeleg å eksportere til EndNote: Klikk på  "Innstillinger", under "Bibliografiadministrering" vel du "Vis linker til å importere sitater inn i EndNote", og klikkar på "Lagre".
  • Søk opp referansen du vil importere. Klikk på "Importer til EndNote" under referansen.
  • Du får opp eit mellomvindauge, klikk på "Åpne".
  • Referansen vert importert til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Idunn

  • Opne Idunn
  • Gjer eit søk og opne den artikkelen du vil registrere i EndNote
  • Klikk på "Lagre" og deretter "Lagre referanse (RIS)"
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil referansen anten overførast direkte, eller det vil kome opp ein dialogboks som spør korleis den skal forhalde seg til den aktuelle fila. Vel å opne den.
  • Referansen vert importert til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå JSTOR

  • Opne JSTOR og gjer eit søk.
  • Merk av referansen du vil ha med til EndNote.
  • Klikk på "Cite this Item".
  • Vel "Export a RIS file".
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil referansen anten overførast direkte, eller det vil kome opp ein dialogboks som spør korleis den skal forhalde seg til den aktuelle fila. Vel å opne den.
  • Referansen vert importert til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Norart

  • Gå til Norart og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Heilt nedst på sida byttar du format til  "Eksporter avmerka postar i Ris Import Format".
  • Klikk på "Eksporter"
  • Klikk på fila for å opne
  • Referansane vert importerte til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Oria

  • Gjer eit søk
  • Klikk på  ... lengst til høgre for posten i trefflista som du ønskjer å eksportere.
  • Vel "EndNote desktop", evt. "EndNote" dersom du brukar EndNote Online.
  • I dialogboksen som opnar seg no skal det stå  "Tegnsett  UTF-8". Trykk på "Download".
  • Avhengig av nettlesaren vil det kome opp ulike meldingar som spør korleis du vil handtere den nedlasta fila. Vel å opne den.
  • Referansen vert importert til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå OVID-basar (AMED, Embase, Medline, Psychinfo)

  • Opne Medline eller ein annan Ovid-base og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Klikk på "Export" nedst på sida.
  • I rullemenyen "Format" vel du EndNote.
  • Under "Fields" vel du "Complete reference".
  • Under "Include" hakar du av om du vil ha med "Link to External Resolver" el.  URL.
  • Klikk på "Export".
  • Dersom det kjem opp ein dialogboks, vel du "EndNote" for å opne fila,
  • Referansane vert importerte til Endnote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå PubMed

  • Opne PubMed og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • Under "Send to" vel du "Citation Manager" og deretter "Create File".
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil du kunne få spørsmål om kva du vil gjere med fila. Vel å opne den.
  • Referansane vert importerte til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Sage Premier

  • Gjer eit søk og hak av aktuelle referansar i trefflista.
  • Klikk "Download selected citations".
  • Vel format "EndNote".
  • Klikk "Download Citation".
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil du kunne få spørsmål om kva du vil gjere med fila. Vel å opne den.
  • Referansane vert importerte til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Taylor & Francis Online

  • Gjer eit søk i databasen
  • Klikk deg inn på den aktuelle referansen som du vil eksportere til EndNote
  • Klikk på "Download citation"
  • Vel format "RIS"
  • Klikk på "Download citations"
  • Avhengig av korleis nettlesaren er sett opp, vil du kunne få spørsmål om kva du vil gjere med fila. Vel å opne den.
  • Referansen vert importert til EndNote.
  • Gjer det til ein god vane alltid å kontrollere at referansane har blitt korrekt overført til EndNote-biblioteket, og at alle opplysningane har lagt seg i rett felt.

Hente referansar frå Web of Science

  • Opne Web of Science og gjer eit søk.
  • Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
  • I rullemenyen nedst på sida vel du "Save to EndNote desktop" eller "Save to EndNote online".
  • Du får opp eit mellomvindauge, klikk på "Send".