EndNote Online og Word

Det er ei kopling mellom EndNote og Word, slik at du kan setje referansar frå EndNote-biblioteket inn i teksten i Word, og samtidig få oppretta ei litteraturliste bakerst i dokumentet. Dette kallast "Cite While You Write" (CWYW).

  • Opne Word-dokumentet ditt og plasser markøren der du vil setje inn siteringa.
  • Klikk på "Find Citations", finn referansen du skal bruke og sett den inn med "Insert".
  • Dersom du vil setje inn fleire referansar i same parantes, klikkar du på kvar referanse medan du held nede Ctrl-knappen. 
  •  Referansen/referansane vert sette inn i dokumentet i den stilen du har valt (Sjå Style-vindauget i verktøylinja).
  •  Bakerst i dokumentet vert det automatisk laga ei litteraturliste basert på dei referansane du har med i teksten.

Å REDIGERE REFERANSANE I TEKSTEN

NB! Ikkje prøv å skrive noko rett inn i parantesane, då blir det kluss. Rediger i staden ved å  først markere referansen og deretter klikke på "Edit Citations".

VAL AV STIL FOR LITTERATURLISTE

Klikk på piltasten til høgre for "Bibliography" i EndNote verktøyline. Vel stil i feltet "With Output Style". Under "Layout" kan du velje tittel for bibliografien (Litteraturliste, Kjelder, osv). Du kan også bestemme skrifttype og skriftstorleik dersom du ønskjer det.