EndNote Online

EndNote Online er ein nettbasert variant av EndNote som i utgangspunktet er gratis. Alle som ønskjer det, kan lage seg brukarkonto på https://my.endnote.com. Studentar og tilsette ved HVO har tilgang til ein utvida versjon av EndNote Online, som mellom anna inkluderer norskspråkleg APA-stil.

Dersom du ønskjer tilgang til den utvida versjonen, må du registrere deg som brukar medan du er pålogga HVO-nettet. Det gjer du enklast når du er på campus. Eventuelt kan du logge deg på heimanfrå via fjerntilgang.

Når du har registrert deg som brukar, kan du opne kontoen din på EndNote Online uavhengig av vårt nett. Pass likevel på å logge på via HVO-nettet minst ein gong kvar 12. månad for å behalde tilgangen til utvida versjon.