Slå saman Word-dokument som har kvar si litteraturliste
Når ein jobbar med større oppgåver, har ein gjerne fleire mindre dokument som ein til slutt vil setje saman til eit stort dokument. Det gjer du på følgjande måte:
- I kvart av dokumenta klikkar du på Convert to Unformatted Citations (sjå Convert Citations and Bibliography)
- Litteraturlista skal no vere borte, og referansane i teksten har følgjande format: {Imsen, 2006, Lærerens verden: innføring i generell didaktikk}
- Opprett eit nytt hovuddokument og kopier og lim inn tekstane frå dei ulike dokumenta.
- Reformater EndNote-referansane og opprett litteraturlista på nytt ved å klikke på Update Citations and Bibliography.
- Du skal no ha fått eit dokument med ei ny, samanfletta litteraturliste.