EndNote og APA

Det finst fleire APA-stilar å velje mellom i EndNote. Om du skriv på engelsk og vil bruke ein engelskspråkleg stil, er APA 6th den mest brukte.

Om du skriv på norsk, kan du laste ned anten APA 6th stil - bokmål eller APA 6th stil - nynorsk . Dei norske stilane ligg ikkje inne som standard i Output styles i EndNote, så difor må du laste dei inn sjølv.

Når du registrerer ein referanse i EndNote, er det ein del obligatoriske felt som må fyllast ut for at sitering og litteraturliste skal bli rett. Det varierer frå referansetype til referansetype kva felt det er snakk om.
APA eksempelsamling er det for dei fleste referansetypane ført opp kva for felt som skal fyllast ut i EndNote. I tillegg har vi utarbeidd ein samla oversikt over felt for dei vanlegaste dokumenttypane.