Eksportere referansar frå databasar
Hente referansar frå Oria
Hente referansar frå Idunn
Hente referansar frå Academic Search Elite, ERIC og Teacher Reference Center
Hente referansar frå Sage Premier
Hente referansar frå Web of Science
Hente referansar frå JSTOR
Hente referansar frå OVID-basar (Medline, British Nursing Index, AMED, Embase, PsycInfo, m.fl.)
Hente referansar frå Norart
Hente referansar frå ProQuest
Hente referansar frå PUBMED
Hente referansar frå Google Scholar
HENTE REFERANSAR FRÅ ORIA
- Klikk på "Detaljer" på posten i trefflista som du ønskjer å eksportere.
- Trykk på "Send til" heilt til høgre i boksen som opnar seg. Vel "EndNote".
- I skjermbiletet som opnar seg no, trykkjer du "OK" . "Encoding" skal stå på" UFT-8."
- Klikk på "Vis nedlastninger".
- Det vert opna ein dialogboks med eit filbehandlingsvindu, vel "Åpne".
- Referansen vert eksportert til EndNote.
Dersom du brukar Google Chrome som nettlesar, klikkar du på "Vis alle nedlastinger", og deretter på EndNote-fila.
I Firefox vel du EndNote som program du ønskjer å opne filen med, etter at du har klikka "OK" på "Encoding UTF-8".
HENTE REFERANSAR FRÅ IDUNN
- Opne Idunn
- Gjer eit søk og finn fram til den artikkelen du vil registrere i EndNote
- Øvst på sida klikkar du på "Lagre referanse (RIS)"
- Dersom du får eit mellomvindu, klikkar du på "EndNote" og "OK".
- Referansen vert eksportert til EndNote.
- NB! Hugs å lese korrektur på referansen i EndNote etter import. Legg til opplysningar om sidetal i "pages"-feltet.
HENTE REFERANSAR FRÅ ACADEMIC SEARCH ELITE, ERIC, CINAHL OG TEACHER REFERENCE CENTER
- Gå til basen og gjer eit søk.
- Frå trefflista klikkar du på ikonet til høgre under "Share" for å legge referansane du vil eksportere i "Folder".
- Gå til "Folder".
- Merk av referansane som skal over i EndNote og klikk på ikonet for" Export".
- Vel alternativ "Direct Export in RIS format".
- Klikk på "Save".
- Dersom du får opp eit mellomvindauge vel du "EndNote".
- Referansane vert eksporterte til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ SAGE PREMIER
- Gjer eit søk og hak av aktuelle referansar i trefflista ("Check item").
- Klikk "Add citations".
- Klikk "Save/Print/Email/Download".
- Klikk "Download to Citation Manager".
- Vel "Citation manager Formats - EndNote".
HENTE REFERANSAR FRÅ WEB OF SCIENCE
- Opne Web of Science og gjer eit søk.
- Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
- Vel alternativ "Save to EndNote Desktop" i rullemenyen på toppen.
- Du får opp eit mellomvindauge - klikk på "Send".
- Dersom du får opp eit nytt mellomvindauge vel du "EndNote".
- Referansane vert eksporterte til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ JSTOR
- Opne JSTOR og gjer eit søk.
- Merk av referansen du vil ha med til EndNote.
- Klikk på "Cite this Item".
- Vel "RIS file".
- Klikk på fila du får opp nedst på skjermen (evt. "open").
- Vel "EndNote" og "OK".
- Referansen vert eksportert til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ OVID-BASAR (MEDLINE, AMED, EMBASE, PSYCINFO)
- Opne Medline eller ein annan Ovid-base og gjer eit søk.
- Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
- Klikk på "Export".
- I rullemenyen "Export to" vel du EndNote.
- Under "Selected fields to display" hakar du av for det alternativet du ønskjer.
- Under "Include" hakar du av om du vil ha med "Link to External Resolver" el. URL.
- Klikk på "Export citation(s)".
- Dersom du får opp eit mellomvindauge vel du "EndNote".
- Referansane vert eksporterte til Endnote.
HENTE REFERANSAR FRÅ NORART
- Gå til Norart og gjer eit søk.
- Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
- Vel "Eksporter avmerka postar i Ris Import Format".
- Opne fila
Referansane vert eksporterte til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ PROQUEST
- Gjer eit søk i ProQuest.
- Merk av de referansane du vil ha med til EndNote.
- Klikk på "More - Export/Save - RIS".
- Du får opp eit mellomvindauge, klikk "Continue".
- Du får opp eit nytt mellomvindauge, vel "Åpne".
- I mellomvindauget som kjem opp no, vel du "EndNote" og "OK".
- Referansane vert eksporterte til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ PUBMED
- Opne PubMed og gjer eit søk.
- Merk av dei referansane du vil ha med til EndNote.
- Under "Send to" vel du "Citation Manager" og deretter "Create File".
- Du får opp eit mellomvindauge, vel "EndNote".
- Referansane vert eksporterte til EndNote.
HENTE REFERANSAR FRÅ GOOGLE SCHOLAR
- Still inn Google Scholar slik at det blir mogeleg å eksportere til EndNote: Klikk på "Innstillinger", under "Bibliografiadministrering" vel du "Vis linker til å importere sitater inn i EndNote", og klikkar på "Lagre".
- Søk opp referansen du vil importere. Klikk på "Importer til EndNote" under referansen.
- Du får opp eit mellomvindauge, klikk på "Åpne".
- Referansen vert eksportert til EndNote.