APA rammeplan, læreplan

Rammeplan

Bruk helst rammeplan publisert på internett. Bruk året rammeplanen gjeld frå som publiseringsdato.

I TEKSTEN:

... i den nye rammeplanen for barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2017, Demokrati) 

I LITTERATURLISTA:

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå https://www.udir.no

I ENDNOTE:

Legg inn som «Government Document».

Fyll ut felta Author, Title, Year og URL.

NB! Hugs komma på slutten av author, slik at organisasjonsnamn samansett av fleire ord ikkje blir snudd om på (invertert).


Dersom du vel å bruke rammeplan utgitt av Pedlex, skal den førast som redigert bok:

I TEKSTEN:

(Falck-Pedersen & Iversen, 2017)

I LITTERATURLISTA:

Falck-Pedersen, T. & Iversen, A. B. (Red.). (2017). Rammeplan for barnehagen: Innhold og oppgaver; Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 24. april 2017 med hjemmel i lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehageloven) § 2 syvende ledd (2. utg.). Oslo: Pedlex.

I ENDNOTE:

Legg inn som «Edited book».
Fyll ut felta Editor, Year, Title, Edition (ikkje dersom det er 1. utgåve), Place published og Publisher.

Læreplan (td. Kunnskapsløftet)

Bruk helst den elektroniske versjonen av læreplanen, då denne er mest oppdatert.

Kunnskapsløftet består av fleire deler, bl.a  Overordna del,  Læreplanar for fag og Prinsipp for opplæringa. Departementet bør stå som forfattar av Overordna del sidan den er vedtatt med kongelig resolusjon, medan Utdanningsdirektoratet som forvaltningsorgan vert rekna som forfattar av læreplanar for fag.

OVERORDNA DEL (departementet forfattar)

I TEKSTEN:

...  (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 6)

I LITTERATURLISTA:

Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Henta frå  https://www.regjeringen.no/contentassets/3 7f2f7e1850046a0a3f676fd45851384/overord net-del---verdier-og-prinsipper-forgrunnopplaringen.pdf 

 

LÆREPLANAR FOR FAG, PRINSIPP FOR OPPLÆRING (Utdanningsdirektoratet forfattar)

I TEKSTEN:

...  (Utdanningsdirektoratet, 2013)

I LITTERATURLISTA:

Utdanningsdirektoratet. (2013). Læreplan i naturfag (NAT1-03). Henta frå http://data.udir.no/kl06/NAT1-03.pdf

Skriv året som læreplanen gjeld frå, og plankoden i parentes etter tittel.
 

Når sidetall ikkje eksisterer, skriv kapittel/del og/eller avsnittsnummer i tilvisinga. 

I TEKSTEN:

… som er et viktig prinsipp for opplæring (Utdanningsdirektoratet, 2006, Elevmerknad, avsn. 2). 

I LITTERATURLISTA:

 Utdanningsdirektoratet. (2006). Prinsipper for opplæringen. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/prinsipper-for-opplaringen2/

I ENDNOTE:

Legg inn som «Government Document».
Fyll ut felta Author, Title, Year og URL.
NB! Hugs komma på slutten av author, slik at organisasjonsnamn  samansett av fleire ord ikkje blir snudd om på (invertert).

Læreplankode fyllast ut under Report Number.