APA generelle reglar

Sekundærkjelde

Ofte les vi ein tekst der det vert referert til andre sitt arbeid. Ein hovudregel er at du alltid skal gå til den kjelda det vert vist til – kalla primærkjelda – for så og siterer denne.

I nokre tilfelle er det ikkje mogeleg å få tak i primærkjelda. Då må det i teksten din kome fram at du ikkje har hatt tilgang til den kjelda det vert referert til, og at du  i staden brukarsekundærkjelde. Dette viser du ved å føye til "sitert i" og sidetalet det vert vist til.

Inkluder primærkjelda i den løpande teksten og set sekundærkjelda i parantes.

I TEKSTEN:

Bowlby fann i 1990 (sitert i Sieger, 2002, s. 246) at det heile var …

Forslag til alternative formuleringar:

Sieger (2002, s. 246) referer til Bowlby som hevdar at …

Ifølgje Sieger (2002, s. 246) meiner Bowlby at …

Du bør i størt mogeleg grad nytte primærkjelder for å unngå eventuelle feiltolkingar eller feil.

I LITTERATURLISTA:

Det er berre den kjelda du har brukt (sekundærkjelda) som skal førast opp i litteraturlista.

I dette tilfellet er det såleis berre Sieger som skal førast opp  i litteraturlista.