APA andre kjelder

Bibelen/heilage skrifter

I TEKSTEN:

Paulus skreiv ... (2 Kor. 5:17, Bibel 2011).

I den første tilvisinga fører du opp den bibelversjonen/bibelutgåva du har nytta.
Du treng ikkje gi opp bibelversjon i seinare tilvisingar, med mindre du ikkje skiftar til ein annan versjon.

I LITTERATURLISTA:

I følgje APA-standarden er det ikkje nødvendig å føre opp Bibelen eller andre heilage skrifter i litteraturlista.

Reglane kan også nyttast på andre heilage skrifter.

Bokmelding

I TEKSTEN:

Dette er noko som kjem tydeleg fram i boka (Teige, 2009, s. 719).

Premissen om statslause samfunn kan heilt klart diskuterast (Harpeviken, 2009, s. 32).

I LITTERATURLISTA:

Teige, E. (2009). [Bokmelding av Ellisif Wessel: En biografi, av S. Wikan]. Historisk tidsskrift, 88(4), 719–723. Henta frå http://www.idunn.no/ts/ht

I eksempelet ovanfor manglar sjølve bokmeldinga tittel. Henta frå den elektroniske utgåva av tidsskriftet.

Harpviken, K. B. (2009). Afghanistan-konflikten i perspektiv. [Bokmelding av Afghanistan og Taliban, av F. Barth]. Prosa, 15(1), 32–34.

Denne bokmeldinga har eigen tittel. Henta frå tidsskrift i trykt utgåve.

Filmmelding

I TEKSTEN:

Max Manus vert karakterisert som ein konvensjonell krigsfilm ... (Westell, 2009, s. 72).

Det ser ut til at Larsson sin særeigne dramaturgi har gitt regissøren hovudbry (Hobbelstad, 2009).

I LITTERATURLISTA:

Westell, G. (2009). [Filmmelding av Max Manus, 2008]. Sight and Sound, 19(7), 72.

Filmmelding frå tidsskrift. Sjølve filmmeldinga manglar tittel. 

Ta med utgivingsår etter filmtittelen, hugs komma mellom tittel og år.

Hobbelstad, I. M. (2009, 12. mars). Smart action, anonym helt. [Filmmelding av Menn som hater kvinner, 2009]. Dagbladet. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive.html

Filmmelding med eigen tittel, meldinga er henta frå ei avis.

Upublisert materiale

I TEKSTEN:

Dette er skildra utførleg av Haugen (2009, s. 135).

I LITTERATURLISTA:

Haugen, K. (2009).  Sitering med APA. Volda: Høgskulen. Upublisert.

Nokre gonger får du tak i interne dokument, planar, etc. frå ulike institusjonar/organisasjonar. I utgangspunktet bør du i størst mogeleg grad unngå å nytte denne typen upublisert materiale, då materialet ikkje vil vere allment tilgjengeleg. Må du likevel bruke denne typen kjelde, skriv du det som vist ovanfor.