Kurstilbod for studentar

Kurstilbod for studentar

Kurs 1: Introduksjon til biblioteket, 30 minutt

Målgruppe:
Nye studentar på bachelor- og masterstudium

Stad: Biblioteket

Tal på deltakarar: Maksimum 20

Innhald:

Studentane skal lære å søke etter litteratur og bli kjende med biblioteket. Etter fullført kurs skal studentane:

  • Kjenne til biblioteket sine tenester og nettsider
  • Kunne gjere enkle søk etter litteratur i bibliotekdatabasen Oria
  • Kunne reservere bøker i Oria
  • Kunne finne fram i bokhyllene og i biblioteklokala elles

Forkunnskapar:
Ingen

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjon og omvising

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 2: Søkeworkshop - bachelor, 45 minutt

Målgruppe:
Studentar som skal skrive bacheloroppgåve

Stad:

Klasserom med stasjonære PC’ar, eventuelt i klasserom der studentane har med eigen PC eller Mac. Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 30

Innhald:
Studentane skal lære å søke etter faglitteratur til oppgåva si. Etter fullført kurs skal studentane:

  • Kunne bruke bibliotekdatabasen Oria og eventuelt andre fagrelevante nettsider og -ressursar til vidare søk om eit emne
  • Vere i stand til å finne litteratur i vårt bibliotek, og også kunne bestille litteratur frå andre bibliotek

Forkunnskapar:
Kunnskap om biblioteket sine tenester og nettsider, og kunne gjere enkle søk i Oria

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjon og eigenaktivitet på datamaskin

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 3: Søkeworkshop - master, 2 x 45 minutt

Målgruppe:
Studentar som skal skrive masteroppgåve

Stad:

Klasserom med stasjonære PC’ar, eventuelt i klasserom der studentane har med eigen PC eller Mac. Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 30

Innhald:
Studentane skal lære å søke etter faglitteratur til oppgåva si. På kurset lærer du å:

  • Vurdere litteraturbehov med utgangspunkt i eiga problemstilling
  • Bruke litteratursøk og søkestrategiar aktivt i arbeidet med oppgåva
  • Finne forskingslitteratur og fagfellevurderte artiklar gjennom søk i bibliotekdatabasen Oria og fagrelevante databasar

Forkunnskapar:
Kunnskap om biblioteket sine tenester  og nettsider, og kunne gjere enkle søk i Oria

Arbeidsmåtar:
Forelesing/demonstrasjon og eigenaktivitet på datamaskin

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 4: Kjeldehandtering med Zotero, 2 x 45 minutt

Zotero er eit gratis dataprogram som forenklar arbeidet med kjeldetilvisingar og litteraturlister. Det passar for deg som vil ha eit enkelt og funksjonelt verktøy for kjeldehandtering.

Målgruppe: Studentar som skal skrive oppgåve

Stad: Undervisningsrom. Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Utstyr: Eigen bærbar PC/Mac med Zotero (det er ein fordel om du har lasta ned programmet på førehand)

Tal på deltakarar: Maksimum 15

Innhald:
Kurset er ein introduksjon til kjeldehandtering med Zotero, og etter kurset vil deltakarane kunne:

  • Setje inn referansar i rett stil i eit dokument, med sidetal
  • Få på plass ei korrekt oppsett litteraturliste
  • Importere referansar til Zotero frå Oria, databasar, nettsider, osv.
  • Legge inn referansar manuelt i Zotero
  • Kjenne til nyttige funksjonar som grupper, lagring av PDF og søking i biblioteket.

Forkunnskapar: Gode ferdigheiter i litteratursøk og grunnleggande kunnskapar om kjeldebruk. Det er ein fordel om studentane på førehand har delteke på «Søkeworkshop bachelor – 45 minutt»  eller «Søkeworkshop –  master 2 x 45 minutt».

Arbeidsmåtar: Demonstrasjonar og øvingar på datamaskin

Påmelding: Faglærar/studieansvarlege  bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no

Kurs 5: Kjeldehandtering med EndNote Online - master, 2 x 45 minutt

EndNote er eit verktøy for kjeldehandtering som du kan bruke til å samle og organisere referansane dine, og til å setje inn kjeldetilvisingar og få formatert korrekte litteraturlister i teksten din. EndNote er eit godt verktøy for alle som skriv akademiske tekstar. På kurset får du ei innføring i EndNote Online, som er den nettbaserte versjonen av EndNote. Den krev ingen annan installasjon enn ei verktøylinje i Word.

Målgruppe:
Studentar som skal skrive masteroppgåve

Stad:
Klasserom med stasjonære PC’ar.
Eventuelt i klasserom der kursdeltakarane har med eigen bærbar datamaskin. Det er då eit krav at du før kurset har registrert deg
https://my.endnote.com og har lasta ned og installert hjelpeprogrammet «Cite While You Write». Rettleiing i korleis dette skal gjerast finst under Registrere seg på EndNote Online og Installere Cite While You Write (Word).
Ansvarleg for booking av rom: Den som bestiller kurset.

Tal på deltakarar: Maksimum 15

Innhald:
Kurset er eit introduksjonskurs til EndNote, og etter kurset vil deltakarane kunne:

  • Bygge opp eit EndNote-bibliotek med referansar
  • Legge inn referansar manuelt i EndNote
  • Importere referansar til Endnote frå Oria og evt. andre databasar
  • Redigere referansane
  • Kjenne til nyttige funksjonar som grupper, lagring av PDF, søking i biblioteket og dublettkontroll
  • Bruke EndNote i Word til å setje inn siteringar i løpande tekst og få på plass ei korrekt oppsett litteraturliste

Forkunnskapar:
Kurs 5 – Søkeworkshop - master, 2 x 45 minutt, eller å kunne søke etter faglitteratur i Oria. Grunnleggande kunnskapar om kjeldebruk.

Arbeidsmåtar:
Demonstrasjonar og øvingar på datamaskin.

Påmelding: Faglærarar/studieansvarlege bestiller kurs til sine studentar på epost til bibkurs@hivolda.no