Biblioteklokalet er stengt, men vi jobbar for deg!

Frå fredag 13. mars er tilgangen til biblioteklokalet og til den fysiske bok- og tidsskriftsamlinga vår stengt. Per i dag veit vi ikkje kor lenge stenginga vil vare. Vi sit på heimekontor og er tigjengelege per e-post og telefon.

Digital tilgang

  • Tilsette og studentar ved HVO har framleis tilgang til alle e-bøker, elektroniske tidsskrift og databasar.
  • Søk i Oria for å sjå kva vi har tilgang til.
  • Du kan også bruke andre databasar, oversikten over alt vi har finn du på sida Søk og finn litteratur.
  • Usikker på kva base du bør bruke? Klikk på ditt fagområde på fagsidene for få oversikt.
  • No når du ikkje er på campus, må du logge deg inn med Feide-ID/Canvas for å få tilgang til ressursane.
  • Bøker og tidsskrift med open tilgang (Open Access).
  • NYTT!! No kan alle studentar og tilsette logge seg inn med Feide brukarnamn og passord og få digital tilgang til norske bøker, aviser og tidsskrift frå Nettbiblioteket i Nasjonalbiblioteket. Gå til innloggingssida, klikk på Feide i menyen til høgre og logg på.
    Meir informasjon finn du på Nasjonalbiblioteket sine sider. Sjekk også sida deira med Søketips i nettbiblioteket

Bestillingar

  • Vi har stengt for bestilling og reservering av bøker og anna materiale frå samlingane våre. Du må difor vente med bestillingar til biblioteket opnar igjen.
  • Vi kan heller ikkje bestille inn bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek.
  • Bestillingsknappen i Oria er ikkje tilgjengeleg.
  • I nokre tilfelle kan det vere mogeleg å bestille inn artikkelkopiar frå elektroniske tidsskrift vi ikkje har tilgang til sjølve. Send oss ein e-post, så ser vi kva vi kan gjere.

Lån, henting og retur av bøker

  • Bøker du allereie har lånt, kan du behalde til biblioteket opnar lokala igjen.
  • Du vil ikkje få noko erstatningskrav i denne perioden, og du kan også sjå bort ifrå eventuelle purringar.  
  • Bøker du har bestilt vil ikkje kunne hentast så lenge vi har stengt.

Hjelp og rettleiing frå biblioteket

  • Vi sit på heimekontor og er klare til å hjelpe deg over nett.
  • Du kan kontakte oss på e-post skranke@hivolda.no eller på telefon 70 07 50 60, måndag-fredag 09:00-15:30. Vi vil hjelpe deg og svare på spørsmål så godt vi kan.
  • Du kan også nå oss på Facebook-chatten på Facebook-sida vår, https://www.facebook.com/hivoldabiblioteket/. Vi svarer på meldingar måndag-fredag 09:00-15:30.
  • Studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda som treng hjelp til litteratursøk, referansehandtering i APA eller akademisk skriving, kan kontakte oss på skranke@hivolda.no eller via Lån ein bibliotekar for å avtale tid til digital rettleiing via Zoom. Det er også mogeleg å få rettleiing via e-post og telefon.
  • Om du har spørsmål i forhold til akademisk skriving og oppsett av kjelder, er det også lurt å sjekke Skrive og referere-sida vår, der du mellom anna finn ei fyldig APA eksempelsamling.

Kurs og arrangement

Alle planlagde kurs og arrangement i regi av biblioteket er avlyst eller utsett inntil vidare.


Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart det blir tilgjengeleg.