Institusjon eller organisasjon som forfattar

Ei kjelde har som oftast forfattar. Vanlegvis er dette ein personleg forfattar, men det kan også vere ein institusjon eller organisasjon. I nokre tilfelle greier vi ikkje å finne nokon forfattar. Då får kjelda innførsel på tittel.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Tittel, år, s. sidetal)

Eksempel:

(Historisk riss for Vestfold, 2005, s. 35)

Ifølgje boka Historisk riss for Vestfold (2005, s. 35) ...

Merk deg:

Tittel på bøker, rapportar og andre sjølvstendige publikasjonar skal stå i kursiv både i litteraturlista og i løpande tekst. Dersom det er snakk om ein artikkel eller liknande, skal tittelen stå i «sitatteikn».

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Tittel: Undertittel. (år). Forlag.

Eksempel:

Historisk riss for Vestfold: Vestfolds historiske utvikling fra 10000 f.Kr og til vår egen tid. (2005). Vestfold fylkeskommune. (2005).