Boklansering: Constituting the State in Writing
Velkomen til lansering av det åttande nummeret av skriftserien Skriftkultur, som rettar søkjelyset mot konstitusjonelle tekstar.
Desse HVO-kollegaene ønskjer velkomen til lansering av «Skriftkultur» nr. 8 (f.v.): Timothy Saunders, førsteamanuensis og artikkelforfattar, Tor Arne Haugen, professor og artikkelforfattar, Farzad Boobani, førsteamanuensis og artikkelforfattar, Stig J. Helset, professor og redaktør og Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis og påtroppande redaktør. Foto: HVO / Per Straume.
Constituting the State in Writing utforskar korleis det skrivne ord får autoritet, formar kollektive identitetar og medverkar til danninga av statar og institusjonar. Ved å samle perspektiv frå litteraturvitskap, språkvitskap, kulturhistorie og politisk teori undersøker dette nummeret korleis tekstar gjer meir enn å skildre politiske realitetar; dei medverkar aktivt til å bringe dei til eksistens.
Boklanseringa blir opna med at redaktør Stig J. Helset presenterer skriftserien og det nye temanummeret. Deretter presenterer bidragsytarane sine analysar av tekstane dei har undersøkt: Timothy Saunders utforskar den amerikanske sjølvstendeerklæringa frå 1776, medan Tor Arne Haugen undersøkjer den norske grunnlova av 1814 og Farzad Boobani granskar den første iranske grunnlova frå 1906–1907. Som presentasjonane vil vise, undersøker artiklane korleis kvar av dei tre konstitusjonelle tekstane skaper fellesskap, sikrar anerkjenning, konstruerer autoritet og held seg ope for nytolking under skiftande historiske omstende.
Etter boklanseringa blir det ei markering av redaktørskifte i Skriftkultur: Gudrun Kløve Juuhl tek over redaktørstolen etter Stig J. Helset, medan Endre Brunstad held fram i eitt år til som redaktør. Maria Braadland frå forlaget, Cappelen Damm Forskning, vil også vere til stades, og ho vil mellom anna informere om moglegheiter for Open Access-publisering på forlaget.
Servering av kaffe og te – ta gjerne med lunsjen din. Velkomen!