Besøk av Professor Svitlana Shurma
Svitlana Shurma er professor i engelsk, og kjem til HVO frå Tomas Bata University i Zlin, Tjekkia. Ho vil halde ein presentasjon om sitt pågåande prosjekt, der ho er aktuell med eit kapittel i bokserien Discourse Approaches to Politics, Society and Culture av John Benjamin. Ho vil snakke om kapittelet Impersonalization in Photos Accompanying the Reports on Violence in Press, og er tilgjengeleg for spørsmål og diskusjon.
Professor Shurma spesialiserer seg på engelskundervisning samt stilistikk og diskursanalyse. I hennar forsking nyttar ho metodene kritisk diskursanalyse, kognitiv poetikk, stilistikk og retorikk. Vidare har ho eit fokus på multimodal diskurs og manipulasjon i media.
Alle er velkomne! Det vert servert kaffi/te og noko å bite i.