Tobias blir rørt av å sjå ungdom med utfordingar som lukkast

Jobben hans er å hjelpe ungdom som har det vanskeleg til å få det betre og aktivisere dei. Det inneber så mykje og er så givande at Tobias Evebø aldri får nok av den utfordringa i arbeidet ved ein ungdomsheim.

Tobias Evebø

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

– Det gir meg mykje når ungdommar kjem bort til meg ei stund etter at eg har arbeidd med dei og takkar for den hjelpa dei har fått. Det er meiningsfylt og kunne vere med på å hjelpe ungdommar til å få eit betre liv, og det viser at jobben vi gjer betyr noko, seier Tobias Evebø, medan han let det bli stilt eit par sekundar der vi sit i eit møterom på Sunnmørsheimen ungdomsheim i Volda.

Det er her han jobbar. Det er her han vil jobbe. Det er her han har jobba sidan han var ferdig med bacheloren sosialt arbeid, barnevernspedagog ved Høgskulen i Volda for snart ni år sidan. I dag er han avdelingsleiar.

Med det er Evebø tett både på ungdommane som bur hos dei og på dei andre tilsette. Han er også tett på barnevernspedagogstudentane som er innom dei for å ha praksis.

Tobias verkar ærleg – og ikkje minst reflektert. Han vil fortelje om si oppleving med å jobbe med ungdommar som kjem til dei og ikkje har det så godt.

Får vere med på kjekke aktivitetar

Etter å ha snakka med han i over ein time og når vi held på å avslutte, ramsar Tobias opp ei rekke med kjekke aktivitetar han har hatt med ungdommane dei siste åra.

– Kajakk, ferieturar, padel, svømming, kino, surfing, skiturar, strikking, hekling, matlaging, pusle puslespel, og heilt sikkert ein god del meir. Hos oss treng vi folk som likar å vere aktive, seier Tobias.

Det er naturlegvis svært gode salsargument for eit yrke når ein får vere med på slike aktivitetar.

Og rett nok, Tobias smiler godt og blir engasjert når han snakkar om desse moglegheitene som dei har saman med ungdommane. Det er eit kjekt pluss i arbeidskvardagen.

Opplever heilt spesielle augeblink

Men han har i timen før det snakka om korleis han jobbar for å betre kvardagen til ungdommane, korleis dei organiserer seg for å hjelpe dei best mogleg og korleis han som menneske utviklar seg og veks i jobben med utfordringane. Det verkar som det betyr like så mykje som kjekke kajakk- og kinoturar. Sjølv om det til tider kan gå hand i hand.

– Eg likar godt å jobbe med menneske og bygge tette relasjonar. Og så gir det meg så mykje når eg ser at ungdommane begynner å lukkast meir og meir. Eg blir rørt av å sjå at ein ungdom klarer å vere på skulen i ein time, etter å ikkje ha klart å vore der dei tre siste åra. Det same med når ein ungdom blir rusfri. Det betyr utruleg mykje i livet for den det gjeld, for dei rundt vedkommande og også oss som jobbar saman med dei for å klare det.

Sunnmørsheimen ungdomsheim har ei akuttavdeling med plass til to ungdommar og ei langtidsavdeling med plass til tre ungdommar. På begge avdelingane er Tobias og kollegaane aldri på jobb aleine, dei er alltid minimum to.  

– Kva slags ungdommar er det de hjelpar?

– Det er ungdommar mellom 12 og 18 år, både gutar og jenter. Bakgrunnen deira kan vere veldig ulik. Dei kan kome frå både ressurssterke og ressurssvake familiar. Ungdommane kan ha utfordringar med kriminalitet, rus, vald, sjølvskading og skulegang, og tek val som kan vere skadeleg for eiga utvikling. Problema kan vere i større og mindre grad, men fellesnemnaren er at dei treng hjelp til å løyse dei, svarar Tobias.

Bygger gode relasjonar

Sjølv har Tobias ein lang og solid bakgrunn frå fotballen. Han er van med å vere ein lagspelar – noko han nyttar flittig i jobben sin.

– Det er kjekt å få til ting saman, og det er vi flinke til på Sunnmørsheimen. Vi støttar kvarandre, samtalar om ting vi har vore med på og om lag ein gong i veka har vi rollespel i ein time der vi skal spele situasjonar som kan oppstå i jobben vår. Det skapar eit godt fellesskap der vi også løftar kvarandre, meiner avdelingsleiaren.

For å få til å hjelpe ungdommane er tillit og tryggleik to sentrale stikkord.

– Vi bruker mykje tid på å bli kjende med dei og bygge gode relasjonar. Blant anna prøver vi å hjelpe dei med å handtere følelsane sine, og då er vi avhengige av at dei er trygge på oss tilsette.

Struktur i kvardagen er eit anna viktig mål å jobbe etter. – Måltid til rette tider, vekke dei om morgonen og kome i gang med skule og få dei med på positive fritidsaktivitetar, forklarar Tobias.

Tobias Evebø
Tobias står klar til å hjelpe ungdom som har behov for det ved Sunnmørsheimen ungdomsheim.

Nokre av ungdommane har utfordringar med skulegang, og også det å delta i aktivitetar på fritida.

– Å kome inn i eit godt miljø og vere med på fritidsaktivitetar er kjempeviktig. Det gir meistring og ein lærer seg sosiale normer, samstundes som ein blir ein del av eit godt fellesskap. Difor jobbar vi mykje med lokale lag og organisasjonar for å få ungdommane inn der. I tillegg til at vi har eit godt samarbeid med dei lokale skulane og jobbar godt tverrfagleg med både dei og dei lokale lag og organisasjonane, seier Tobias, og forklarar med litt forenkla fagspråk kva dei jobbar etter:

– Vi vil redusere risikofaktorar, som til dømes å hamne i eller kome tilbake i eit dårleg miljø om ein ikkje har ei god og organisert fritid. Og vi vil styrke vernefaktorane, som vil seie å vere på skule, fotballtrening og ha kontakt med familie om det er tilrådd.

Kvifor barnevernspedagog?

I møterommet har Tobias no kome enda lenger fram på stolen. Hendene blir brukt for å tydleggjere poenga. Han er engasjert i og for yrket sitt.

– Kva var det som gjorde at du valde å studere til å bli barnevernspedagog?

– Faren min har jobba som barnevernspedagog heile livet, så han har nok sådd eit frø utan eg har tenkt så mykje over det. Men etter vidaregåande skule merka eg at eg ville jobbe med menneske og at eg treivst med det. Eg var assistent på ein skule og fekk møte barn med ulike utfordringar gjennom det. Det var der gnisten blei tent, fortel Tobias.

Som barnevernspedagog kan aktuelle arbeidsplassar vere barnevernstenesta i kommunesektoren, barne- og ungdomsinstitusjonar kultur- og oppvekstsektoren, ungdomsklubbar og skule og skulefritidsordningar.

Høgskulen i Volda har gode praksisordningar for studentar i sosialt arbeid, både i Noreg og i utlandet. I femte semester kan studentar ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som høgskulen har samarbeidsavtale med i Tanzania, India, Kenya, Hellas og Irland.

Kven er barnevernspedagog for?

Tobias har ikkje angra på utdannings- og yrkesvalet sitt. Han har vakse av og med det.

– Slik som studentane har i dag, hadde eg også lærerike praksisperiodar. Det var ein viktig del av å forberede meg på kva eg ville møte i arbeidslivet, seier Tobias som har hatt forelesingar for studentane ved Høgskulen i Volda, der han tar utgangspunkt i ekte situasjonar han sjølv har stått i og fortel om kva vurderingar og tiltak som er blitt gjort.

Dei ni åra etter at han var ferdig med bacheloren har vært innhaldsrike.

– Eg trur ikkje du finn eit arbeidsfelt der du lærer meir om deg sjølv. Det kan vere stressande situasjonar som krev ein del av deg, men det veks ein enormt på. Du lærer ungdommane å kjenne, men du lærer også i veldig stor grad deg sjølv å kjenne. Både når det kjem til toleranse- og smertegrenser. Du blir psykisk robust og utviklar gode ferdigheiter til å vare på deg sjølv og kollegaar.

– Så, kven er dette yrket for?

– Du må trivast med å jobbe med menneske, like å samarbeide om felles mål og like å utfordre deg sjølv – både tankesettet ditt og verdiane dine. Du må like nye utfordringar, kvar dag. Og så må du ha og utvikle ferdigheiter til å hjelpe andre menneske og bygge gode relasjonar.

Del på: