Til Afrika for å trygge og sjå etter nye praksisplassar for sosialt arbeid-studentar

Studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) som studerer sosialt arbeid barnevernspedagog og sosionom er så heldige at dei kan ha praksis i fleire land i utlandet, blant anna Kenya. No har tilsette ved HVO vore i Kenya og sett på forholda.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya

Malene Øvrelid (i front) og Ann-Iren Høgalmen saman med tilsette og barn ved Mathare Care Center.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Reisebrev frå høgskulelektor Malene Øvrelid.

I mars var eg og kollegaen min Ann-Iren Høgalmen ved Institutt for sosialfag i Kenya for å gjennomføre evaluering med eksisterande samarbeidspartnarar, samt undersøke potensielt nye praksisplassar for våre studentar innanfor vår bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog og sosionom.

Vi besøkte den moderne storbyen Nairobi, slumområde Mathare utanfor Nairobi, Ongata Rongai og kjende på landsbylivet i Mashuru. Turen baud på store kontrastar, og sterke menneskemøter.

Mathare Care Center

Reisa starta i Nairobi der dei fyrste dagane blei brukt hos Mathare Care Center. Mathare er ein av dei eldste og mest tettbygde uformelle busetnadsområda i Nairobi med ei befolking på omkring 500 000 menneskjer. Dette slumområdet er sterkt prega av fattigdom og manglande offentlege tenester. Mathare Care Center gjer ein livsviktig innsats for barn og familiar som lev under krevjande forhold. Senteret gir eit tilbod til barn og unge med funksjonsvariasjonar, gjennom eit dagsenter som tek vare på barna, slik foreldra kan finne seg arbeid. Senteret tilbyr også fysioterapi to gongar i veka, og eit varmt måltid til alle som kjem innom.

Senteret vart starta opp av Elizabeth Waithera, som sjølv vaks opp i Mathare, med ei syster med funksjonsnedsetting. Elizabeth blei inspirert til å starte opp dette senteret etter å ha budd i Volda og arbeidd med Merkesteinane og Hamna dagsenter. Etter kvart som senteret har vekse, såg Høgskulen i Volda potensiale for å sende våre studentar til Mathare for praksis i 6. semester, og har sidan 2024 hatt fem studentar i praksis der. Arbeidsoppgåvene til studentane våre vil variere ut i frå behov, akkurat slik som ved praksis på ulike senter eller institusjonar i Noreg. Nokre dagar går med til administrativarbeid, praktisk arbeid, heimebesøk for å kartlegge forholda til dei som nyttar seg av dagsenteret, og dagleg leik og stell med barna.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Våre dyktige studentar Brian og Sander som gjennomførte paksisen sin ved senteret i 2025.

Studentane vi har hatt til no har imponert oss som faglærarar. Dei har vist evne til å stå i det ukjente, dei har vore proaktive, omsorgsfulle, undrande, nysgjerrige og ikkje minst – vist seg kompetente til å arbeide med barna og deira familiar. Det er også vanleg at våre studentar får bidra med kunnskapen dei har tileigna seg dei to fyrste åra ved høgskulen, og held eksempelvis undervisningsøkter med dei tilsette, eller foreldra som kjem til senteret for fysioterapi med barna sine. Dessverre rår det framleis haldningar som at visse funksjonsnedsettingar betyr at mor som har fødd barnet er «forheksa» og liknande.

Studentane våre kan halde faglege, informative føredrag som bidreg til ei forståing for kvifor nokre barn er født med, eller opplev å få funksjonsvariasjonar, og korleis dei som foreldre kan hjelpe barn sine. Dette har vi fått tilbakemelding på at våre studentar meistrar å gjere på ein respektfull og sensitiv måte.

Gjennom samtalar med dei tilsette ved dette besøket, fekk vi tilbakemelding på at våre studentar både er robuste og lærevillige, og dei ynskjer å halde fram med å ta i mot framtidige barnevern- og sosionomstudentar i frå Høgskulen i Volda.

Høgskulen i Volda har gode praksisordningar for studentar i sosialt arbeid, både i Noreg og i utlandet. I femte semester kan studentar ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som høgskulen har samarbeidsavtale med i Tanzania, India, Kenya, Hellas og Irland.

Les også: – Dette hadde vi ikke fått uten praksis i India

Ongata Rongai

Etter nokre dagar i Nairbo reiste vi omtrent to mil sørover, til ein by som heiter Ongata Rongai. Her besøkte vi ein organisasjon som fram til det siste året har vore relativt ukjent for oss. New Life Mission (NLM) blei grunnlagt i 1978, og blir i dag drifta at Anikki og Karl Erik Hagstrøm. Det var Anikki sine foreldre som starta NLM, og ho har budd store delar av livet sitt i Kenya. Anikki og Karl Erik har jobba i Kenya saman i snart 40 år, og har dermed ein djup kjennskap til den kenyanske kulturen.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Ann-Iren og meg på vandring i Kware-slummen.

NLM har sin hovudstasjon i Ongata Rongai, som er ein raskt veksande by med omtrentleg 170 000 innbyggarar. Rett i nærleiken av hovudstasjonen ligg slumområdet Kware med sine omtrent 40 000 innbyggarar. Dette er eit utsett område der fattigdom og låg utdanningsgrad er utbreidd. Dei fleste basera inntekta si på små «day-to-day» jobbar, for å kunne brødfø seg sjølv og familien. Anikki, Karl og deira lokale sosialarbeidar Geoffrey gav oss grundig informasjon om organisasjonen og organisasjonen sitt arbeid i og rundt Ongata Rongai. Vi fekk også bli med Geoffrey og ein kollega rundt omkring for å besøke ein del av desse sosiale prosjekta personleg.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Utanfor eine heimen vi gjennomførte heimebesøk ved i Kware.

På denne måten fekk vi både fyrstehandskunnskap om området som våre studentar potensielt skulle arbeide i, og vi fekk møte mange av dei personane som har fått hjelp av NLM sine sosiale prosjekt. I eit slik område, skil vi oss av naturlege årsaka ut, noko som gjer lokalbefolkninga nysgjerrige på oss, og dermed veldig opne for kontakt. Dette er noko eg og Ann-Iren alltid set stor pris på.

Les også: Styrker praksissamarbeidet i Tanzania

Mashuru

Medan vi var hos NLM reiste vi om lag to og ein halv time søraust for Ongata Rongai, til Mashuru. Vegen var som mange andre stadar i Aust-Afrika, svært humpete – noko dei likar å referere til som ein «African-massage». Personleg synest eg det kjennest mindre som ein massasje og meir som eit prosjekt for å møblere om dei indre organa. Men naturen er det umogleg å klage på, og vi kunne nyte synet av både antiloper og sebraer mens vi hoppa mot Mashuru.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
På biltur...

Masuhur er i all hovudsak busett av masai-folket. Livet her er tett knytt til kvegdrift, og har lange kulturelle tradisjonar. Ei av dei store styrkane til NLM slik vi opplever det, er den djupe kjennskapen deira eigne sosialarbeidarar har til lokalsamfunnet. NLM sin sosialarbeidar Samson kjem sjølv i frå Mashuru i Kajiado County, og han jobbar i all hovudsak i og rundt Mashuru. Det var han som tok oss med på Boma visit - heimebesøk til ei masai-familie som raust delte om det vi ynskja å lære meir om, med Samson som stødig språk- og kulturtolk. I frå NLM sin misjonsstasjon i Mashuru blir det drifta fleire sosiale prosjekt for innbyggarane her.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
På morgontur med ein lokal masai.

Dei dagane vi var i Mashuru fekk vi og helse på Åke – ein foreldrelaus sjiraff, tilsynelatande adoptert av ein flokk med kyr. I Mashuru kjem du tett på det vakre dyrelivet i «Afrika».

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Sjiraffen Åke.

Sosiale prosjekt

Som nemnt har NLM fleire sosiale prosjekt, som vi fekk gleda av å besøke personleg når vi besøkte Rongai og Mashuru.

Ved den nyopna fødselsklinikken deira, fekk vi helse på ei nybakt mor som hadde kome til NLM sin klinikk for å kunne føde i trygge omgjevnader, med god legehjelp.

Vi besøkte begge legesentera deira, og fekk sjølv tilsyn av lege etter eit noko hissig insektbit av eit slag. Legen fortalte at dei tek imot mange pasientar dagleg, og at dei diagnostiserte og behandla alt i frå astma til endometriose.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Eg blei sett i arbeid, og fekk hjelpe til med lunsjservering til den eine klassa vi besøkte.

Vi besøkte skular som har det dei kallar special unit, som gir eit skule- og opplæringstilbod til barn og ungdom med funksjonsvariasjonar, som NLM støttar. Her fekk vi sjå unge, stolte framtidige frisørar og dansarar, og mange klemmar blei delt ut. Vi besøkte også NLM sin eigen skule som held til i eit flott, nytt bygg.

NLM har og ein barneheim, og tek i mot barn i frå 4 veker (som var dei yngste barna som var der no) og opp til skulealder. Dei legg ned mykje arbeid i å finne potensielle omsorgspersonar i familie-, og nettverk, men nokre gongar må dei bli verande hos NLM.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Ann-Iren gir sjølvsagd ei hjelpande hand når små kroppar treng litt trøyst.

I bakeriet deira produsera dei enorme mengder med brød dagleg som dei sel på lokale butikkar m.m., og har unge vaksne/vaksne i arbeidstrening, slik dei kan utvikle ferdigheiter innanfor bakaryrket og forhåpentlegvis få seg arbeid. Bakeriet deira besøkte vi ikkje berre ein gong… Og nokre bukser måtte bli igjen i Ongata Rongai, då dei blei litt vel tronge ila. opphaldet.

Vi fekk og besøke Lifebag-prosjektet deira, som har produksjonslokale både i Ongata Rongai og i Mashuru, og som til saman gir om lag 80 åleineforeldre ein jobb, og dermed ein veg til sjølvforsyning og kontroll over sin eigen kvardag.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Noko av produksjonen til Lifebag-gjengen.

Harambee

Den internasjonale sosialarbeidardagen 2026, som var markert ved Høgskulen i Volda 17. mars, hadde Harambee som tema. Harambee betyr «å løfte i flokk» eller «alle dreg saman». Og det er nettopp dette vi er vitne til under våre besøk. «Harambee for Sustainable shared futures» er også temaet for årets Joint World Conference on Social Work, Education and Social Development som skal haldast i Nairobi i Juni 2026, der vår eigen Ann-Iren skal delta, og presentere delar av forskinga si på internasjonal praksis i sosialt arbeid.

Høgskulen i Volda på besøk i Kenya
Hand i hand.

Eg og Ann-Iren har besøkt Kenya ved fleire høve, og besøka sett nye spor i oss kvar gong. Fattigdom og naud prega liva til dei vi møter, og det er lett å kjenne seg makteslaus. Likevel reiser vi heim med ei heilt anna kjensle; vi reiser heim fylde av respekt for dei menneskja vi har fått møtt.

Vi møter menneskjer som har ei styrke i seg som er heilt unik, menneskjer som ikkje har mista håpet om ei betre framtid, og som står opp kvar dag for å skape eit betre liv for seg sjølv og si familie. Ikkje minst blir vi full av beundring for arbeidet som våre samarbeidspartnarar legg ned, kvar ein einaste dag for å bryte denne fattigdomsspiralen, og gi menneskja i samfunnet betre levekår gjennom godt sosialt arbeid. Vi er takksame for at våre studentar også i 2026 får reise til Kenya, for å utveksle kunnskap og lære av våre samarbeidspartnarar. Harambee.

Del på: