Tobias blir rørt av å sjå ungdom med utfordingar som lukkast
Publisert
Jobben hans er å hjelpe ungdom som har det vanskeleg til å få det betre og aktivisere dei. Det inneber så mykje og er så givande at Tobias Evebø aldri får nok av den utfordringa i arbeidet ved ein ungdomsheim.
Til Afrika for å trygge og sjå etter nye praksisplassar for sosialt arbeid-studentar
Publisert
Studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) som studerer sosialt arbeid barnevernspedagog og sosionom er så heldige at dei kan ha praksis i fleire land i utlandet, blant anna Kenya. No har tilsette ved HVO vore i Kenya og sett på forholda.
HVO-førsteamanuensis Åsmund Svendsen er nominert til Kritikarprisen for biografien sin om historikaren Jens Arup Seip. Torsdag 5. mars kan du møte forfattaren og høyre om boka i høgskulebiblioteket.
Høgskulen inviterer til innspelsmøte om nytt demokratisenter
Publisert
Tysdag 24. februar inviterer Høgskulen i Volda til innspelsmøte. Målet er å hente inn idear til kva eit nytt demokratisenter på Søre Sunnmøre skal innehalde.
Han var blant dei viktigaste for norsk vitskap på 1700-talet, og i Volda ber eit høgskulebygg namnet hans. I 2026 er det 300-årsjubileum for Hans Strøm, og feiringa i regionen opna med kakefest, kåseri og utstilling ved høgskulen.
Ny ordning: historiestudentar får praksisperiode i studiet
Publisert
Som ein del av bacheloren i historie får studentar ved Høgskulen i Volda no ein praksisperiode i kultur- og museumssektoren. For Kristoffer betyr det at han blant anna skal vere med på å lage ei utstilling om pelsdyrnæringa på eit museum.
Gro Anita Bårdseth gjekk frå å forske på kulturmiljø til å fordjupe seg i planlegging. – Eg oppdaga at samfunnsplanlegging var relevant, viktig og rett og slett meiningsfullt å jobbe med, fortel den nye dosenten ved Høgskulen i Volda.
Eksamensresultata for juss i barnevern blant masterstudentar varierer stort nasjonalt. Klart lågast strykprosent har Høgskulen i Volda (HVO) og NTNU – begge stader har HVOs Egil Arne Standal spelt ei nøkkelrolle.