Fagdag: Autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og unge

barn i sandkasse

Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) i samarbeid med Høgskulen i Volda arrangerer kurs for lokale samarbeidspartar 8. november. Kursdagen gir ei oversikt over autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og ungdom

Hovudforedragshaldar

bernhard weidle

Bernhard Weidle er overlege, spesialist i pediatri og barne­ og ungdomspsykiatri, Dr. Med frå Universitetet i Tübingen, Tyskland og Ph.D. frå NTNU, Trondheim. Han har i mange år vore leiar av nevroteamet ved Barne­ og ungdomspsykiatrisk klinikk, St. Olavs Hospital,Trondheim. Weidle er Førsteamanuensis i barne- og ungdomspsykiatri ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Midt­Norge. Forskingsområde: Hovudsakleg OCD og autismespekterforstyrrelsar hos barn og ungdom.

Det blir høve til å drøfte problemstillingar  frå deltakarane.

Andre medverkande

Stipendiat og lege Lise Reindal og Klinisk pedagog Lise Bae Andresen frå Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP).

Førsteamanuensis Bente Hasle ved Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag.

Program

  • 08.00-08.30: Registrering
  • 08.30-08.40: Velkomen ved  BUP Volda
  • 08.40-09.00: Stipendiat og lege Lise Reindal og klinisk pedagog Lise Bae Andresen om gruppetilbodet for barn med autismespekterliding
  • 09.00-09.20: Høgskulen i Volda v/Bente Hasle: Foreldrekraften - en undervurdert ressurs når barn har vansker
  • 09.20-09.30: Pause med frukt
  • 09.30-11.30: Berhard Weidle:
    • Kva er dei viktigaste kjenneteikna for å   gjenkjenne barn med ASF?
    • Er det skilnader i symptombiletet  mellom gutar og jenter med ASF?
    • Korleis kan ein skilje mellom ASF og   andre barnepsykiatriske tilstandar (differensialdiagnose) og kva med sam­tidig førekomst av fleire av desse tilstan­dane (komorbiditet)?
  • 11.30-12.15: Varm lunsj
  • 12.15-14.00: Bernhard Weidle:
    • Psykoedukasjon: Korleis informere om diagnosen? kva med born eller foreldrene som ikkje vil ha diagnosen?
    • Behandlingsstrategiar: Kva tiltak virkar? Kva tiltak kan vere nyttig i 1. linja for å støtte meistring av skule­   situasjonen og kvardagen generelt?
  • 14.00-14.15: Pause med kaffi og kake
  • 14.15-16.00: Bernhard Weidle:
    • Korleis kan ein lette overgangar mellom ulike utviklingsstadium (barne­hage/skule, mellom dei ulike trinna, overgang frå ungdom til vaksen)?
    • Kva med alternative behandlingsmåtar/alternativ medisin?

Fagdagen er godkjent av Den norske legeforening:

  • Allmennmedisin: godkjent med 8 valfrie kurspoeng til vidare- og etterutdanning.
  • Barnesjukdommar: godkjent med 8 timer for spesialistane si etterutdanning.
  • Barne- og ungdomspsykiatri: godkjent med 8 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning.

Pris:

  • Kr 550,-, som inkluderer te/kaffi, pausemat og varm lunsj.

Last ned heile invitasjonen (pdf)

 

logo

 

Share on