Allmøte om leiingsmodell ved Høgskulen i Volda

Allmøte om leiingsmodell ved Høgskulen i Volda

Henrik Karrstad-huset

Høgskulestyret skal i møte 16. juni 2022 avgjere om Høgskulen i Volda skal halde fram med valt rektor eller gå over til ordning med tilsett rektor. 
Ei arbeidsgruppe har skrive ein rapport med oversyn over fordelar og ulemper ved dei to ordningane. Arbeidsgruppa har vore samansett av Wenche Torrissen, Per Arne Brandal og Bernt Olav Øvregaard. Direktør har sendt utgreiinga på høyring til avdelingane, institutt, tillitsvalde, Studentparlamentet, avdelingsråd og Fellesadministrasjonen. Høyringsfristen er onsdag 20. april. Høyringsfråsegnene vil bli lagt fram for styret til diskusjon på styremøte 5. mai. 

Her er lenke til rapporten og høyringsbrevet frå direktør:

Fordelar og ulemper ved ulike leiingsmodellar – rapport frå arbeidsgruppe.

Høyringsbrev om leiingsmodell frå direktør.

Spørsmålet om leiingsmodell er eit viktig spørsmål som angår alle på Høgskulen i Volda, og vi vil difor arrangere eit allmøte om dette spørsmålet.  Vi er så heldige at rektorane ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet deltek på delar av møtet. Rektor på Universitetet i Bergen er valt, medan rektor ved Høgskulen på Vestlandet er tilsett. Dei to rektorane har rydda plass i eit tett program og vil halde eit kort innlegg via video og vil også kunne svare på nokre få spørsmål.

Program for allmøte:

10.00: Innleiing 
10.10: Margareth Hagen, rektor Universitetet i Bergen (valt rektor). 
10.30: Gunnar Yttri, rektor Høgskulen på Vestlandet (tilsett rektor). 
Open diskusjon. 

Del på: