Konfigurering av to-faktor-autentisering

HVO krev sikker innlogging for tenester som Canvas, Microsoft 365 og andre tenester som nyttar Feide for tilsette, studentar og gjester.

Kvifor to-faktor?

To-faktorautentisering (2FA) legg til eit ekstra sikkerheitslag ved pålogging: I tillegg til passord må du òg stadfeste at det er deg via ein annan faktor — t.d. ein mobilapp. Dette gjer det mykje vanskelegare for uvedkomande å få tilgang til kontoen, sjølv om passordet er kjent.

Slik aktiverer du sikker pålogging for HVO-kontoen din

Klikk her for å gå til vegvisaren for sikker innlogging

Logg på med HVO-kontoen din, og du vert send til ei siden med oversyn over kva metodar du kan nytte for å logge deg på.

  • Her velger du «Legg til en påloggingsmetode»
  • Velg så «Tilgangskode på Microsoft Authenticator»
  • Når du får opp veivisar for sikker pålogging, last ned appen Microsoft Authenticator på telefonen om du ikkje allereie har han.
  • For å bruke Authenticator-appen:
    • Opne appen på telefon
    • Vel «Legg til konto» og vel «Arbeid eller skole»
    • Skann QR-koda som dukkar opp på skjermen, og bekreft testen på telefonen

Har du spørsmål eller treng hjelp med oppsettet, ta kontakt med IT-hjelpa på telefon 70 07 54 00 eller e-post 5400@hivolda.no