3D-printing i skulen: Kvifor og korleis
Torsdag 13. februar inviterer vi til eit introduksjonskurs i bruk av 3D-printer. Tilbodet gjeld lærarstudentar ved Høgskulen i Volda.
Sveinar Kleive kommer på besøk til Læringsverkstaden (BK170) for å vise og fortelje om sine erfaringar med å bruke 3D-printer i skulen. Sveinar jobbar som lærar i Ulstein kommune og er i tillegg engasjert i Kodeklubben og Lær Kidsa Koding.
Har du lyst til å lære deg grunnleggjande bruk av ein 3D-printer og få tips om kvifor og korleis du kan bruke den til undervisning? Då er dette kurset for deg!
Vi har berre 15 plassar, så her er det først til mølla.
Meld deg på her! (Facebook-arrangement)