Opptak og studierettleiing
Generell studiekompetanse
inneheld to krav som begge må vere oppfylte:
Krav 1
· Fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning (grunnkurs, VK I og VK II eller tilsvarande)
eller
· fagbrev/sveinebrev
eller
· fylte 23 år i opptaksåret og 5 års heiltids yrkespraksis eller kombinasjon av yrkespraksis og utdanning som utgjer minst 5 år (23/5-regelen)
Krav 2
Følgjande felles allmenne fag må vere dekte innanfor krav 1 eller takast i tillegg:
· Norsk (hovudmål, sidemål og munnleg, 14 veketimar)
· Engelsk (5 veketimar)
· Samfunnslære (2 veketimar)
· Nyare historie (4 veketimar)
· Matematikk (5 veketimar)
· Naturfag (5 veketimar)
Til krav 2
Fagkrava er fag frå studieretning for allmennfag før Reform 94 og studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag i Reform 94. Karakteren
må vere 2 eller betre. På eit fullført og best ått vitnemål frå 3-årig vidaregåande skule, allmennfagleg studieretning, frå 1991 eller tidlegare, vert likevel
karakteren 1 i matematikk godkjend.
Vidaregåande utdanningar som gir generell studiekompetanse
Fullført og bestått vitnemål frå utdanningsløpa nedanfor gir generell studiekompetanse: 3-årig vidaregåande skule, Reform 94, følgjande utdanningsløp:
- studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag
- studieretning for idrettsfag
- studieretning for musikk,dans og drama
- studieretning for formgivingsfag med VKI og VKII teikning, form og farge
- studieretning for naturbruk avslutta med VKII naturforvaltning
- bestått grunnkurs og VKI frå yrkesfagleg studieretning og bestått VKII allmennfagleg påbygging
- 3-årig vidaregåande skole, studieretning for allmenne fag (tradisjonell eller endra struktur) ordningar inntil 1996
- Examen artium frå linedelt gymnas, ordningar inntil 1978
- Eksamen frå økonomisk gymnas, ordningar inntil 1978
- 3-årig vidaregåande skole, studieretning for handels- og kontorfag (alle tre årskurs må vere bestått)
- 4-årig vidaregåande skole (grunnkurs, vidaregåande kurs I,vidaregåande kurs IIB og påbyggingsår), studieretning for landbruksfag og naturbruk, ordningar inntil 1996
- Diplom frå International Baccalaureate (IB) med norsk A- eller B-språk på minst Standard level. IB-søkjarar utan norsk på vitnemålet må dokumentere norskkunnskap.
Andre vegar til generell studiekompetanse
Høgare utdanning
Søkjarar med eksamen frå høgskule eller universitet av minst 1års lengd (eller to 1/2-årige studium) har generell studiekompetanse. Lovendring gjeldande frå 1.
januar 2001 gjev i tillegg plikt til å vurdere opptak til alle studium ut frå realkompetanse. Utdanning av tilsvarande omfang frå andre lærestader kan også gi generell studiekompetanse:
Søkjarar som før 1.juni 1997 er tekne opp til eller kan dokumentere å ha fått vurdert opptaksgrunnlaget sitt til universitet eller vitskapleg høgskule på grunnlag av anna utdanning (tidlegare veg I,II eller III ), har generell studiekompetanse. Det same gjeld søkjarar som vart tekne opp til studium ved tidlegare distriktshøgskular og høgskulesenter.
Generelt om kvotar
Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Kvar kvote har eigne rangeringsreglar.
Primærvitnemålskvote
Kvoten omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i søknadsåret, og som
- har dokumentert primærvitnemål eller tilsvarande dokumentasjon for vidaregåande opplæring avslutta våren 2000 eller seinare
- har dokumentasjon for fullført og bestått vidaregåande opplæring avslutta 1999 eller tidlegare
For at dokumentasjon for vidaregåande opplæring avslutta 1999 eller tidlegare skal telje i primærvitnemålskvoten, må opplæringa vere gjennomført på
normert tid. Unntak for dette kan gjerast om det ligg føre særskilde grunnar til avbrot i skulegangen. Som særskild grunn, vert rekna sjukdom, militær-
eller sivil førstegongsteneste, svangerskap, eitt år på folkehøgskule eller eitt år som utvekslingselev.
40 %av studieplassane skal tilbydast søkjarar i primærvitnemålskvoten. Søkjarar som ikkje vert tekne opp i primærvitnemålskvoten, konkurrerer vidare i
ordinær kvote.
Ordinær kvote
I denne kvoten vert søkjarane rangerte etter konkurransepoeng. Konkurransepoeng er summen av alle poeng som ein søkjar etter regelverket kan oppnå.
Alderspoeng
For søkjarar utanom primær vitnemålskvoten med fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring eller med fag-/sveinebrev, vert det gitt 2 alderspoeng per år
frå og med det året søkjaren fyller 20 år, og maksimalt 8 poeng. For søkjarar som er kvalifisert på grunnlag av 23 år og 5 års yrkespraksis, vert det gitt 2 alderspoeng per år frå og med det året søkjaren fyller 24 år og maksimalt 8 poeng.
Fordjupingspoeng
Utrekning av fordjupingspoeng vert gjort på grunnlag av bestått studieretningsfag som har godkjent fordjuping over 2 år (minst 8 veketimar eller 5 veketimar B-
språk) frå allmennfagleg studieretning i vidaregåande skule, eller frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag i Reform 94, eller
for særskilde fagkombinasjonar i andre studieretningar. Ein kan maksimalt få 4 fordjupingspoeng. Søkjarar med examen artium frå tradisjonelt, linedelt /økonomisk gymnas får automatisk 4 fordjupingspoeng. Søkjarar som er kvalifisert etter 23/5-regelen, eller som har fagbrev/sveinebrev, får fordjupingspoeng frå og med sitt første fordjupingsfag frå allmennfagleg studieretning. Søkjarar med Internasjonalt Baccalaureate (IB)kan få inntil 4 fordjupingspoeng på grunnlag
av fagleg fordjuping og bonus.
Realfagspoeng
I tillegg til fordjupingspoeng, vert det gitt ekstra poeng for fordjuping i matematikk, biologi, fysikk og kjemi frå studieretning for allmenne, økonomiske
og administrative fag.Realfagspoeng vert også gitt for den obligatoriske fordjupinga. Det kan verte gitt inntil 4 realfagspoeng. Alle fag som gir realfagspoeng, skal telje med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren.
Bonuspoeng
Søkjarar med godkjent 3-årig vitnemål frå studieretning for musikk,dans og drama får 2 bonuspoeng ved oppt ak til mellom anna desse utdanningane:
Allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning, faglærarutdanning i praktisk-estetiske fag, faglærarutdanning i musikk, dans og drama, og årseiningar og halvårseiningar i drama og musikk.
Tilleggspoeng for høgare utdanning, folkehøgskule, militær eller sivil førstegongsteneste:
Ved opptak til statlege og private høgskular vert det gitt 3 tilleggspoeng for anten:
- eitt fullført årsstudium eller tilsvarande (20 vekttal)ved universitet eller høgskule,eller
- eitt bestått år på folkehøgskule med godkjend dokumentasjon. Ordninga gjeld berre søkjarar som tok folkehøgskule frå og med hausten 1997, eller
- fullført militær eller sivil førstegongsteneste
Det vert gitt maksimum 3 poeng.
Eit fullført halvårig studium eller 10 vekttal gir 1,5 poeng. Det same gjeld for examen philosophicum med påbyggingsstudium som samla utgjer eit førstesemesterstudium, eller examen philosophicum i kombinasjon med 5 vekttal. Examen philosophicum åleine gir 1 poeng.
Journalistutdanning
Høgskulane i Bodø,Oslo,Stavanger og Volda har frå i år 40 % primarvitnemålskvote ved journalistutdanninga. Desse studieplassane skal tilbydast søkjarar med primærvitnemål som ikkje fyller meir enn 21 år i søknadsåret. Resten av studieplassane skal tilbydast praksiskvote (30%)og ordinær kvote (30%).
Animasjonsfilmutdanning
I tillegg til generell studiekom pet anse må søkjarane dokumentere evner innan teikning/animasjon.Dei må difor sende inn arbeidsprøver (portfolie). Søkjarar som får sine arbeidsprøver godkjende vert kalla inn til intervju. Det vert sendt ut eigen informasjon til søkjarane.
Vidareutdanning og påbyggingsstudium
Praktisk-pedagogisk utdanning
Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse og allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning. Allmennfagleg utdanning tyder i denne samanhengen utdanning som
kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring.
- Generell studiekompetanse, profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum 2 års yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning tyder i
denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
- Fag-/sveinebrev eller anna full-ført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, yrkesteoretisk utdanning og minimum
to års yrkespraksis.
Lokale opptakskriterier
Allmennfag:
PPU-allmennfag ved Høgskulen i Volda er eit påbyggingsstudium for studentar/søkjarar som har avslutta fagutdanninga si.
- a Søkjarar som har krav frå arbeidsgjevar om PPU-utdanning for å få fast tilsetjing, vil ha forrett til studiet.
- b Søkjarane må i tillegg ha fag der Høgskulen i Volda kan gi undervisning i fagdidaktikk
Avhengig av søkjarmassen kan Høgskulen i Volda tilby undervisning i fagdidaktikk i desse faga: Norsk, Drama, Framandspråk, Samfunnsfag, Kroppsøving, Kunst og handverk, Musikk, Kristendomskunnskap m/livssynsorientering, Naturfag, Matematikk.
Høgskulen vil fastsetje kva fag det vert gitt undervisning i fagdidaktikk i ut frå søkjarane sin fagbakgrunn.
- c. Søkjarane vert rangerte etter samla sum vekttal og kva fag Høgskulen vil gi didaktikk undervisning i. Søkjarane må minst ha 30 vekttal i eitt fag og
minst 20 vekttal i eit anna fag.
Yrkesfag:
PPU-Yrkesfag ved Høgskulen i Volda er eit påbyggingsstudium for studentar/søkjarar som har avslutta fagutdanninga si og som har generell studiekompetanse, yrkesteoretisk utdanning på høgskulenivå og minimum to års yrkespraksis.
- a. Søkjarar som er tilsette i vidaregåande skule og som har krav frå arbeidsgivar om PPU- utdanning for å få fast tilsetjing, vil ha forrett til studiet under
føresetnad om at Høgskulen i Volda kan gi studentane undervisning i yrkesdidaktikk.
- c Søkjarane vert rangerte etter utdanning og praksis.
Undervisninga i yrkesdidaktikk kan bli samordna med deltidsutdanningane i PPU Ålesund og/eller Kristiansund, og kan difor bli lagd utanfor Volda.
Mastergrad i samfunnsplanlegging
For opptak til mastergradsmodulane vert det skilt mellom tre opptaksgrupper:
- Opptaksgruppe 1 –treårig relevant utdanning i samfunnsplanlegging. Opptakskravet her er minimum tre år høgare utdanning i samfunnsplanlegging med 60 vekttal utan overlapping.
- Opptaksgruppe 2 -anna relevant treårig utdanning og minst to år relevant praksis. Opptakskravet her er minimum tre år anna høgare utdanning med 60 vekttal utan overlapping og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging.
- Opptaksgruppe 3 –anna treårig utdanning og minst fire år relevant praksis. Opptakskravet her er minimum tre år høgare utdanning med 60 vekttal utan overlapping, og minst fire år relevant praksis frå samfunnsplanlegging. Til den avslutt ande integrasjonsmodulen med mastergradsoppgåve er det knytt særlege
opptakskrav. Søkarar som er cand.mag.eller har utdanning ut over fire år (80 vektt al eller meir), treng berre to godkjende tivektt alsmodular på mastergradsnivå for å søke den avslutt ande integrasjonsmodulen.
Høgskulen i Volda tilbyr mange andre vidareutdanningar og påbyggingsstudium. For nærare informasjon om opptakskrav ved desse studia kan du ta kontakt
med opptakskontoret. Ein tek atterhald om at opptakskrav kan verte endra.
Opptak med grunnlag i realkompetanse
Departementet har gjort vedtak om at frå og med opptaket 2001/ 2002 har opptaksorganet plikt til å vurdere realkompetanse som svarar til dei fagkrava som er
fastsett i forskrift om generell studiekompetanse. Realkompetanse er definert som kunnskap som er opparbeidd gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, etterutdanning eller på annen måte. Institisjonane kan gi søkjaren som er 25 år eller eldre i opptaksåret, opptak til einskilde studium dersom dei på grunnlag av realkompetanse har dei naudsynte kvalifikasjonar for studiet. Det er institusjonen sjølv som har mynde til å avgjere kva som er
naudsynte kvalifikasjonar og til å ta avgjerd om opptak. Dette gjeld ved opptak til alle studium. Nærare opplysningar kan du få ved å ta kontakt med opptaks-
kontoret v/HVO.
|Tilbake til studietilbod
|Til HVO si heimeside
For WWW: -pab2001