Studentlag og organisasjonar
I ei omfattande studentundersøking (1999) stadfestar nemleg Volda sin posisjon som ein av dei beste studiestadane i landet. Studentane i Volda er dei mest aktive innafor studentpolitikk, frivillig organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar.
Eit glimrande studentmiljø
Volda er kjent for sitt gode studentmiljø, og undersøkinga stadfester dette. Som tilskodarar eller aktive kan studentane i Volda få med seg mange og rike opplevingar frå konsertar, teater, dans, idrett, frilufts- og hybelliv etter øktene på lesesalen. Ved høgskulen er det eit breidt utval lag og organsisasjonar som set sitt positive preg på miljøet. I tala frå Volda kjem det fram at over 90% av studentane synest det er gode høve for å delta i foreinings- og kulturliv. 92% av journaliststudentane seier dei er nøgde med det sosiale miljøet ved lærestaden.
Biblioteket og data
Med den nye hovudbygninga som stod klar i fjor, fekk høgskulen eit flunkande nytt bibliotek i moderne og trivelege lokale. Heile 97% av lærarstudentane er nøgde med det tilbodet biblioteket ved HVO kan tilby kunnskapstørste studentar og 79% meiner at tilgangen til PC og anna datautsyr er tilfredsstillande. Dette oppfattar vi som eit godt resultat som syner at høgskulen si satsing på IT har bore frukter. I tillegg til dataromma finn ein også ein godt utstyrt og moderne språklab i Berte Kanutte-huset.
God fagleg standard på journalistutdanninga
Undersøkinga viser også at Høgskulen i Volda har dei mest nøgde journaliststudentane i kongeriket. På ein skala frå 1 til 6 ei gir dei HVO ein samlekarakter på 4,2. Høgskulen i Volda får samla sett dei beste resultata, og får jamt høge karakterar (4 til 5+) på fagleg og pedagogisk kvalitet, fagleg og sosialt miljø, bibliotek, lokale og lesesalar.
Bustader og velferdstilbod
I motsetnad til i dei store byane har studentane i Volda små vanskar med å skaffe seg ein stad å bu, og 88% av lærarstudentane opplyser at dei er nøgde med sin eigen busituasjon. I Volda kan du kan spare ca. kr. 15000 pr. år i buutgifter samanlikna med dei største byane. I intime Volda finn også du dei fleste velferdstilboda og venene dine i gangavstand frå der du bur.
Musikk
HVO Brass Band
Bandet byggjer på klassisk engelsk brassband-besetning og spelar musikk av kjente arrangørar som G. Richards, G. Langford og R. Steadman-Allen. Studentar med korpsbakgrunn er hjarteleg velkomne! Manglar du instrument, har høgskulen nokre til utlån (m. a. tuba og baryton). HVO Brass Band har i fleire år vore med i konkurransaer på fylkesnivå og har vunne førsteprisen i 2. divisjon fleire år på rad. Bandet har eigne konsertar med solistar frå eigne rekkjer. HVO Brass Band samarbeider også med høgskulekoret og symfoniorkesteret.
Symfoniorkesteret
Høgskulen i Volda er den einaste høgskulen av sitt slag som kan skilte med eige symfoniorkester. Orkesteret legg vekt på å ha eit allsidig og variert repertoar som omfattar symfonisk musikk, populærmusikk og kyrkjemusikalske verk. Det har blitt tradisjon at orkesteret kvart år har konsertar med profesjonelle solistar.
Her ser vi orkesteret under oppføringa av J. S. Bach sitt juleoratorium.
Høgskulekoret
Høgskulekoret er ein del av musikkstudia ved HVO, men alle songglade studentar kan vere med. Koret har eit variert repertoar, og i haustsemesteret blir det markering av opninga av Berte Kanutte-huset (25. og 30. september) og framføring av Juleoriatoriet av J. S. Bach første helga i desember. Høgskulekoret hadde i vår stor suksess med musikalen "Spelemann på taket".
Høgskulekoret samarbeider med symfoniorkesteret og HVO Brass Band.
Volda Storband
Storbandet har ei stabil kjerne av fastbuande folk i tillegg til studentar. Bandet har ei tradisjonell storbandbesetning. Repertoaret spenner frå tradisjonell storbandjazz til moderne jazzrock.
Spelemannslag
Spelar du fele og kan spele etter notar? Då er du hjarteleg velkommen i Halkjelsvika spelemannslag. Spelemannslaget er ein gjeng på omtrent ti musikarar som spelar feler, trekkspel, gitar og bass.
Sunnmøre spelemannslag er eit lag for felespelarar. Spelemannslaget har øvingar omtrent ein gong i måneaden i ulike kommunaer på Sunnmøre. Her har du høve til både å bli kjend med sunnmørsk tradisjonsmusikk og å bli kjend også utenfor Volda sine grenser. Kontaktperson: Frode F. Birkeland, hovudbibliotekar ved HVO.
Studentsamfunnet
Studenttinget i Volda (STIV)
Foto, film og media
Blendarlaget
Er du interessert i fotografering? Vil du gjerne bli kjend med andre studentar som deler denne interessa? Då er Blendarlaget noko for deg! Blendarlaget tek sikte på å ha møte annan kvar tysdag, kvar gong med ein "fagperson" til stades og med gjennomgang av ulike tema. Dei satsar på å ha eit så variert program som råd, slik at alle finn noko av interesse. Kva seier du til t. d. fotosafari, studioworkshop, opplæring i mørkeromsarbeid, fotokonkurransar og bildeutstilling?
Som medlem får du tilgang til mørkerommet i Aasen-huset. Du får delta på arrangementa, og du får kvantumsrabatt på diverse varer.
Blendarlaget er ope for alle, uansett kor "flink" du er eller kor bra fotoutstyr du har!
Radio Volda
Radio Volda - der det skjer, om det skjer. Radio Volda tek pulsen på bygdene, og held deg oppdatert på kva som skjer i lokalsamfunnet.
Det er studentane ved radiolinja som står bak Radio Volda.
Tips: 70 07 51 58 eller e-post: radio.volda@stud.hivolda.no
Næravisa
Øvingsavis for avisstudentane ved Avdeling for mediefag. Næravisa på nettet:
Nærsynet
er fjernsynsjournalistane sin TV-kanal.
Filmklubben
Volda og Ørsta Filmklubb er tilslutta Norsk Filmklubbforbund og er open for alle filminteresserte over 16 år.
Formålet til filmklubben er å by fram eit alternativ til det vanlege kinotilbodet t. d. gamle klassikarar, så vel som heilt nye prislønna filmar. Før kvar visning vert det ei innleiing, der historia bak filmen, regissør, skodespelarar og alt du treng å vite vert omtala. Filmane vert vist på Volda Filmteater. Det er fordi høgskulen ikkje har 35-milimeter-framvisar. Sjå etter plakat og program.
Peikestokken
kjem ut med tre nummer i semesteret og med eit opplag på 1000 eksemplar. Peikestokken tek mål av seg å følgje med i og vere kritisk til administrasjonen, samskipnaden, studentsamfunnet og studentdemokratiet. Avisa har også som målsetjing å presentere og ta pulsen på den rike studentkulturen i Volda.
Peikestokken treng m.a. journalistar, fotografar, typografar og annonseselgjarar. Alle som har lyst, har også lov. I løpet av det siste året har Peikestokken investert i eige datautstyr.
For sjela
KRIK
KRIK står for Kristen Idrettskontakt og er eit landsomfattande tilbod for studentar. Aktivitetane varierer. Det er deltakarane som bestemmer innhaldet i treningane. Eit særpreg er at det vert halde andakt før eller etter treninga. Utanom dei faste treningstidane i hall vert det arrangert fjellturar og skiturar. KRIK er ein kristen organisasjon, men tilbodet er ope for alle. Einaste kriteriet er at du betaler medlemskontingent og treningsavgift. Føremonene ved medlemskap er m.a. invitasjon til ulike treff og arrangement i regi av underavdelingar av KRIK nasjonalt. Nyttårssamling med skiaktivitetar og sommarleirar kan nemnast. Er du interessert i å bli kjent med likesinna, det vere seg anten det er seg i idrett eller tru, eller begge delar, er du velkommen til å delta. Følg med på oppslagstavlene eller ta kontakt med kontaktpersonen for KRIK i Volda.
VOKS
satsar på å vere eit sosialt kristent inkluderande fellesskap, og samlingane er opne for alle. Som student i Volda har du mange aktivitetar å velje mellom, og VOKS vil vere ei oase som gir avveksling frå studiearbeidet. Dei fleste arrangementa er vanlege møter, men det vert også arrangert helgeturar, dansekroer, amatørkveldar, julefest, 17. mai fest, grilling, fjellturar og anna moro.
VOKS har et nært samarbeid med KRIK, Lagskoret og kyrkjelydane i Volda. Du er hjartelig velkomen!
Friluftsliv og sport
Natura
Natura skal fremje friluftsinteressa og trivselen i studentmiljøet i Volda. Natura er ein åpen organisasjon, med eit variert program. Natura arrangerer skiturar, fotturar, breturar, føredrag, tema- og hyggekveldar, der det sosiale er like viktig som det sportslege. Dei fleste vil finne turar som passar. Turane vert tilpassa ønska og føresetnadene til deltakarane. Lokalkjende folk er med på alle turane.
Natura har kvart semester eit program, presentert i ein egen faldar. Men vi kan også arrangere turar utenom programmet dersom nokon ynskjer det. Turane våre vert også kunngjorde med plakatar på skulane. Natura har utstyr som folk kan låne for private turar.
VSI
Volda Studentidrettslag er det
største idrettslaget i Volda. Ønskjer du å trene saman med oss er det flott, og ønskjer du å trene med eit anna lag i Volda så kan me prøve å ordne kontakt for deg! Me skipar til turneringar i fotball, basketball og volleyball. Under VEKA er det Bandyade (bildet).
Elles har me innebandy, badminton, aeorbic, symjing og vekttrening i idrettsbygget.
Andre studentorganisasjonar
Studentenes Landsforbund
Studentenes Landsforbund (StL) er ein interesseorganisasjon for studentar høgskulestudentar med ca. 40 000 medlemmar. StL arbeider med sosiale, faglige, økonomiske, kulturelle spørsmål.
Landslaget for Norges Lærerstudenter
Landslaget for Norges Lærerstudenter (LNL) organiserer allmenn-, fag- og førskulelærarstudentar, og er den einaste interesseorganisasjonen som representerer denne gruppa. LNL arbeider for medlemmane sine faglege, økonomiske og sosiale rettar.
For WWW: -pab