Ledige stillingar ved Høgskulen i Volda
Elektronisk søknad
Vi anbefaler at du registrerer deg som brukar før du søker på ei stilling. Start registreringa ved å klikke på boksa ny brukar over. Som registrert brukar kan du hente fram att opplysningar om personalia, utdanning og arbeidserfaring for å søke på andre stillingar. Søknad på ei stilling og innlegging av søknadstekst kan berre gjennomførast ein gong for kvar brukar. Vi anbefaler difor at du har søknadsteksten klar før du søkjer på ei stilling. Søkjarar kan ikkje laste opp vedlegg til den elektroniske søknaden. Vi ber om at vedlegg til søknaden vert ettersendt i papirformat. Vi har lagt ut ei test-stilling som du kan søkje på for å gjere deg kjent med systemet.
Ettersending av vedlegg til elektronisk søknad
Vi ber alle søkjarar om å lese utlysingstekst og stillingsomtale nøye. Merk deg kva krav og fristar som gjeld i forhold til ettersending av søknadsmateriell for den stillinga du søkjer på. Søkjarar er sjølv ansvarleg for at ettersendte søknadsmateriell er i samsvar med krav i utlysingstekst og stillingsomtale. Ettersendte vitnemål og attestar skal alltid vere rettkjende kopiar. Vitskapleg materiale kan vere vanleg kopi eller utskrift. Søknadsmateriell i papirformat merka med stillingsnummer skal sendast til:
Personalkontoret
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda
• Søkjarar på stillingar der kvalifikasjonane til søkjarane skal vurderast av eit sakkunnig utval må først sende elektronisk søknad innan søknadsfristen. Deretter må søkjarane innan ei veke etter søknadsfristen ettersende søknadsmateriell i tre komplette og sorterte eksemplar i papirformat. Søknad med CV skal gje eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis, innehalde rettkjende kopiar av vitnemål og attestar, samt kopi av hovudsfags/masteroppgåve og anna aktuelt vitskapleg arbeid. Søknaden skal innehalde liste over alle vitskaplege arbeid og søkjar kan legge ved papirkopi av inntil ti vitskapleg arbeid som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga.
For at eit utval med tre medlemmar skal kunne gjere arbeidet sitt må alle vedlegg må vere i tre komplette eksemplar i papirformat. Dersom vedlegga ikkje er komplette har ikkje søkjar krav på å verte vurdert. Vitskapleg materiale og andre søknadspapir vert så langt råd returnert når tilsetjingssaka er avslutta.
• Søkjarar på korte faglege engasjement og teknisk- administrative stillingar skal sende elektronisk søknad innan søknadsfristen er ute, og ettersende eitt eksemplar av rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan søknadsfristen er ute.
Søkjarlister
Så langt praktisk mogleg vil søkjarar vil få tilsendt søkjarliste til fortruleg orientering etter at søknadsfristen er ute. Vi gjer merksam på at søkjar sin CV vert nytta i utvida søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngje dette og sende grunngjevinga som e-post til personal@hivolda.no før søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
Spørsmål om søknadsprosedyre og saksgang kan rettast til personalkontoret
Personalsjef Sverre Tverberg tlf.: 70 07 50 40
Førstekonsulent Elin Øye Halkjelsvik, tlf.: 70 07 50 42
E-post: personal@hivolda.no
Oppdatert av Elin Øye Halkjelsvik 13. september 2011 kl. 14.13 Publisert med NetEd : Publish


