«Kompetanse for framtida»
Volda University College

Studium i slektsgransking ved Høgskulen i Volda (som MOOC)

«Ei slekt kan ha mange medlemer. Dette bildet syner barnedåp i Meløy på Helgeland i 1908. Dåpsbarnet var Hans Alfred Normann Andersen. Bak han står mora Salmine Henrikke Andersen (f. 1875) og ved sida sit farmora, Anne Katrine Johanne Andersen (f. 1834). Den eldste av gjestane var Katrine Sophie Nilsdatter (f. 1821). Ho var mor til svoger til barnefaren. Bildeutlån og informasjon: Knut Bryn.

Om faget

Slektsgransking eller slektsforsking er ein lærerik inngang til å forstå kva forsking eigentleg er: finne svar på spørsmål og grunngje kvifor svaret sannsynlegvis er rett - men der ein likevel sjeldan kan vere 100 % sikker (i alle fall ikkje for tida før moderne DNA-teknikk er tilgjengeleg). Det gir òg høve til å reflektere over kven ein er, for slekt er ikkje noko eintydig - det kan i alle fall definerast på tre forskjellige måtar: biologisk, juridisk og sosialt.

Faget er blitt meir og meir populært som hobby etter kvart som informasjons- og kommunikasjonsteknologien har utvikla seg. Det førte m.a. til stiftinga av foreininga DIS-Norge, Slekt og Data i 1990. Etableringa av Digitalarkivet i 1998 var òg til ein viss grad ein reaksjon frå Arkivverket (der dei fleste kjeldene slektsgranskarar utnytter finst) på aukande etterspurnad frå slektsgranskarar.

Men det var kanskje etter prosjektet Skanna kyrkjebøker - der Arkivverket har publisert alle mikrofilma norske kyrkjebøker (11.000 band) - vart lansert i hausten 2007 at interessen verkeleg har teke av. No er det mikrofilma tinglysingsmateriale under skanning og publisering, og etter kvart har også dødsbuskifta og anna mikrofilma materiale (ein del blir òg skanna frå originalane) kome.

Dei tre sesongane av fjernsynsserien Hvem tror du at du er? (2011, 2013 og2015) førte ellers til at serverane i Arkivverket heldt på å bryte saman etter kvar episode om søndagskveldane...

Ikkje berre hobby

Slektsgransking er elles ikkje berre hobby - det er ein del av det generelle kulturminnevernet og den lokale historia. Kunnskap om personar og relasjonar mellom personar er sentralt i mange samanhengar, både historiefaglege og andre. Internasjonalt blir det gjort omfattande studiar kring forskjellige sider ved betydninga av "kinship" (frå wikipedia).

Det er særleg innan sosialantropologi ein har interessert seg for slektskap. I ei grunnbok i faget skriv Thomas Hylland Eriksen om kva det er som er så viktig med slektskap: «i de fleste ikke-industrialiserte samfunn er slektskap den viktigste sosiale institusjonen overhodet, og ser man godt etter, er slektskap ganske viktig i moderne samfunn også. Uten sine slektninger står man ribbet og naken i verden». I dei seinare tiåra har òg historiefaget teke opp att feltet.

Samarbeidspartnar: DIS-Norge og Norsk slektshistorisk forening

I tråd med denne utviklinga starta Historisk institutt ved Høgskulen i Volda (HVO) i samarbeid med DIS-Norge, Slekt og Data hausten 2008 eit eige studietilbod i slektsgransking. Høgskulen er fagleg ansvarleg for studiet, som vart etablert i samsvar med skulen sitt kvalitetssystemet der studieplanen med pensum m.a. skulle vurderast av eksterne fagfolk. I tillegg har høskulen hatt eit fast samarbeid med DIS-Norge, som har foreslege kyndige fagpersonar som timelærarar.

Frå studieåret 2015-16 har og Norsk Slektshistorisk Forening gått inn i samarbeidet på same vilkår som DIS-Norge, Slekt og Data.

Om studiet og emna

På grunnlag av erfaringane frå dei seks åra studiet har vore gjennomført blir det frå og med studieåret 2015-16 som ei prøveordning omlagt frå eit ordinært studium til eit såkalla MOOC-tilbod som førebels vil omfatte innhaldet i det første emnet frå det tidlegare studiet (sjå emneplanen i studiehandboka). Dette tyder at det ikkje er anna krav til å melde seg på enn at ein registrerer seg med namn og e-postadresse. Da får ein tilgang til alt undervisningsstoffet utan andre kostnader. Interesserte registrerer seg ved å gå inn via denne portalen (lenke kjem i løpet av mai). Erfanringane frå gjennomføringa hausten 2015 avgjer om det neste emnet blir gjennomført våren 2016.

Korleis få studiepoeng

Det opne kurset som alle kan ta gjev ikkje studiepoeng. Men det vil vere høve til å melde seg til "studiepoeng-varianten" (sjå emneplanen) innan ein frist som blir fastsett seinare. Opptakskrav til denne er som før generell studiekompetanse, men det er ved dette som ved alle andre studieprogram høve til å få vurdert om ein kan få opptak på grunnlag av realkompetanse. Dei som vil ta denne varianten må da betale semesteravgift og skaffe seg pensumstoffet.

Fagansvarleg lærar: Arnfinn Kjelland: ak@hivolda.no, tlf 70 07 51 06.

Studiekoordinator: Grete Marry Brøste: gmb@hivolda.no, tlf 70 07 51 76. 

Det er inn til 45 studieplassar på emnet, og det skal søkjast gjennom Lokalt opptak.