Hopp til innhald Hopp til meny Hopp til søkjefelt

 

Spørsmål om jobb og karriere?

Kontakt studierettleiar
Ingunn Nordal
på telefon 70 07 52 90

 

 

Ofte Stilte Spørsmål (FAQ)

 

Her er ei liste over spørsmål som Høgskulen i Volda ofte får frå nye studentar:

 

Registrering

Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koden, eller ikkje har fått ein PIN-kode?
Kvifor kjem eg ikkje vidare i Studentweb når eg nyttar Enter-tasten?
Kvifor får eg beskjed om at sida ikkje kan visast når eg nyttar ”Back-knappen” i nettlesaren?
Kvifor får eg ikkje til å skrive inn tekst i feltet?
Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta?
Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift?
Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift?
Kva skjer dersom eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen?
Kvar finn eg koden til faget/emnet eg skal melde meg/til registrere meg på?
Kvifor er det ein fordel å registrere seg før ein kjem til Volda?


Studium

Korleis går søknadsprosessen føre seg?
Har eg fått studieplass ved Høgskulen i Volda?
Når er semesterstart?
Kor mykje må vi betale i semesteravgift?
Kva for studium tilbyr Høgskulen i Volda?
Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut?
Kor mange studentar er det i Volda?
Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda?
Kva tid får eg svar på opptaket?
Kva må eg hugse ved semesterstart?
Korleis går studentregistreringa ved Høgskulen føre seg?
Kva karaktersnitt må ein ha for å kome inn på dei ulike studia?
Må eg skrive nynorsk når eg er student ved Høgskulen i Volda?
Når kjem studielånet?

Kva er Restetorget?
Korleis finn eg fram til Restetorget?
Kva tid åpnar Restetorget?
Kvar skal eg henvende meg dersom eg vil søkje gjennom Restetorget?
Kva er Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS)?
Finst det ei fadderordning for nye studentar?
Kva er Studentweb?
FFKva er Fronter?
Kva er Orakeltenesta?
Kan eg kjøpe PC gjennom høgskulen?


Hybel

Korleis finn eg ein stad å bu?
Kva for studentheimar finn ein i Volda?
Kvar ligg dei ulike studentheimane?
Korleis går tildelinga av studentboligar føre seg?
Kva er søknadsfristen for studentboligar?
Skal eg søkje om hybel sjølv om eg ikkje veit om eg skal studere ved HVO?
Må eg dele kjøkken/bad med andre?
Korleis er prisnivået på boligar i Volda?


Barnehage

Korleis kan eg skaffe barnehageplass?
Kor tidleg må eg vere ute for å sikre ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden?
Kva kan eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass?


Fritid

Kor mange innbyggjarar er det i Volda?
Kva er Studentsamfunnet?
Kva er VEKA?
Kva slags frivillige organisasjonar kan eg bli med i?
Kva for uteplassar finst det i Volda?
Kva er Rokken?
Kvar kan eg bade og stå på ski?


Kommunikasjon

Korleis kjem eg meg til Volda?
Treng eg bil i Volda?


 

 

 


 

 

 

Registrering

Kva skal eg gjere når eg har gløymt PIN-koden, eller ikkje har fått ein PIN-kode?
Dersom du byrjar på eit nytt studium finn du PIN-koden (fire siffer) på giroen du får tilsendt for betaling av semesteravgift. Dersom du ikkje har motteke giro, eller dersom du har gløymt koden, kan du ta kontakt med Sørvistorget på telefon 7007 5018 eller e-post: sorvistorget@hivolda.no. Om du er student frå før finn du betalingsinformasjon i Studentweb.

Kvifor kjem eg ikkje vidare i Studentweb når eg nyttar Enter-tasten?
Enter-tasten har ikkje denne funksjonen alle stader i programmet. For å kome vidare i programmet må du då nytte musa og klikke direkte på knappane.

Kvifor får eg beskjed om at sida ikkje kan visast når eg nyttar ”Back-knappen” i nettlesaren?
Du må alltid nytte knappane som er i Studentweb og ikkje dei som er på nettlesaren. Nyttar du knappane som er på nettlesaren må du trykke ”Oppdater” på nettlesaren og ”Prøv på nytt”.

Kvifor får eg ikkje til å skrive inn tekst i feltet?
Du må klikke med musa direkte i dei felta du skal skrive noko i. Dette er nødvendig for å aktivisere markøren.

Kvifor får eg beskjed om at eg ikkje har betalt semesteravgifta?
Sannsynlegvis er ikkje innbetalinga blitt registrert i vår database - det kan ta nokre dagar før opplysningane frå banken eller postkontoret blir overført. Prøv igjen om ein dag eller to.

Kan eg registrere meg i Studentweb sjølv om eg ikkje har betalt semesteravgift?
Ja. Men for å få semesterkort og støtte fra Statens lånekasse for utdanning må du ha betalt semesteravgifta - du er ikkje godkjent som student utan å betale.

Kva er fristen for registrering og betaling av semesteravgift?
Siste frist for haustsemesteret er 1. september, fristen for vårsemesteret er 15. januar.

Kva skjer om eg ikkje har registrert meg og betalt innan fristen?
Dei som ikkje har betalt eller registrert seg innan fristen vil miste studieretten ved Høgskulen i Volda. Ta kontakt med Sørvistorget dersom du får problem med å rekke fristen!

Kvar finn eg koden til faget/emnet eg skal melde meg opp til?
Du finn emna i studieplanen for studieprogrammet ditt, via ei lenke til emnetabell under kvart studium. Alle studia ligg i oversikta over studieplanar dette studieåret ved Høgskulen i Volda.

Kvifor er det ein fordel å registrere seg før eg kjem til Volda?
Då slepp du å stå i kø når du kjem til Volda!

Ta kontakt med Sørvistorget dersom du ikkje finn emna du skal ta.

 

Studium


Korleis går søknadsprosessen føre seg?
Du søkjer i den lokale søknadsweben eller gjennom Samordna opptak (SO).

Ordinær søknadsfrist i Samordna opptak er 15. april. Søkjarar med dokumenterte grunnar for tidleg opptak eller særskilt vurdering, søkjarar med IB, søkjarar med vidaregåande utdanning frå land utanfor Norden og søkjarar som ber om realkompetansevurdering må søkje innan 1. mars. Fristen for omprioritering av studieønske i Samordna opptak er 1. juli. Opptaket er klart 20. juli, og du kan då logge inn på nettsøknaden din og sjekke om du har fått studieplass. 

I lokalt opptak søkjer du gjennom Søknadsweb på Høgskulen i Volda sine nettsider. Der er det løpande opptak til dei studia som framleis kan ta inn studentar.

Du kan sjå ei oppdatert liste over alle ledige studium her.

Når er semesterstart?
Studiestart hausten 2011 er tysdag 16. august klokka 12.00. Då vert det opningsseremoni i Berte Kanutte-huset. Det er ingen felles semesterstart i vårsemesteret. Du kan lese om ditt studium under praktisk informasjon

Kor mykje må vi betale i semesteravgift?
Semesteravgifta er på 670 kroner for hausten 2011.
Denne består av:
Kr 400,- til Studentsamskipaden for Sunnmøre (SfS)
Kr 20,- er frivilleg stønad til SAIH
Kr 140,- er avgift til Kopinor
Kr 50,- er kopikostnader
Kr 60,- er lisensavgifter til ulike IT-verkty

Kva for studium tilbyr Høgskulen i Volda?
Sjå studieinformasjonsportalen og finn dei aktuelle studia der.

Kvar ligg Høgskulen i Volda? Korleis ser høgskuleområdet ut?
Høgskulen i Volda ligg sentralt i Volda, halvannan time søraust for Ålesund. Sjå kart over høgskuleområdet.

Kor mange studentar er det i Volda?
Høgskulen i Volda har rundt 3100 studentar. Dei fleste er fulltidsstudentar.

Korleis er det å studere ved Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda har eit tett og oversiktleg studentmiljø der alle er samla på ein stad. Dette gir eit godt grunnlag for å knyte kontaktar og til å gi kvarandre impulsar, både fagleg og sosialt. Undersøkingar viser at studentane trivst ved Høgskulen i Volda.
Les meir

Kva tid får vi svar på opptaket?
I Samordna opptak (SO) er resultatet klart 20. juli. Du kan då logge inn på nettsøknaden din og sjå om du har fått svar. Det lokale opptaket skjer fortløpande, og dei fleste får raskt svar. Om du har spørsmål, kontakt Sørvistorget på telefon 7007 5018.

Kva er viktig for meg som ny student å hugse på ved semesterstart?
- Betale semesteravgift
- Registrering med alle nødvendige emne/ eksamenar i Studentweb
- Opprette brukarkonto
- Hente semesterkort

Kva karaktersnitt må ein ha for å kome inn på dei ulike studia?
Sjå oversikt på Samordna Opptak (external link) .

Må eg skrive nynorsk når eg er student ved Høgskulen i Volda?
Høgskulen i Volda nyttar oftast nynorsk på nettsidene sine og i informasjon til studentane, fordi det er mange nynorskbrukarar som jobbar her. Dette tyder likevel ikkje at du som student må nytte nynorsk i skriftlege oppgåver, eller at du automatisk får vitnemål på nynorsk! Det er heilt opp til deg å velje kva for målform du vil bruke, med nokre få unntak: Dersom du skal studere norsk, blir du kanskje pålagd å skrive nynorsk også.

Når kjem studielånet?
Lån og stipend vil bli utbetalt først etter at du har betalt semesteravgift og blitt registrert som student ved Høgskulen. Les meir på Lånekassen sine heimesider (external link). 

Kva er Restetorget?
Restetorget opnar 20. juli kvart år, etter at hovudopptaket til Samordna opptak er klart. Her finn du alle studieprogramma som framleis har ledige plassar. Kvalifiserte søkjarar blir tekne opp etter kvart som dei tek kontakt.

Korleis finn eg fram til Restetorget?
Du finn Restetorget ved å gå inn på nettsidene til Samordna opptak (external link) .

Når åpnar Restetorget?
Restetorget åpnar 20. juli kl. 09.00.

Kvar skal ein henvende seg dersom ein vil søkje gjennom Restetorget?
Dersom du ønskjer ein studieplass kan du frå og med 20. juli kl. 09.00 registrere inntil ti Restetorgstudier på nettsøknaden din. Du kan gjere dette sjølv om du er ny søkjar. Restetorgstudia kan også vere studieønskje som har falt bort fordi du fekk tilbod på høgare prioritert studium i hovudopptaket. Sjå Samordna Opptak sine sider (external link).

Kva er Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS)?
Studentsamskipnaden er ein service- og velferdsorgansiasjon for høgskulestudentane. SfS driv barnehage, leiger ut bustader, driv bokhandel, kantine og studenthuset Rokken, samt andre velferdstilbod.
Sjå også SfS si heimeside (external link).

Finst det ei fadderordning for nye studentar?
Kvar haust arrangerer vi ei fadderveke der ein vert kjend med Volda og studentmiljøet. Eldre studentar tek med nye studentar på omvisning og arrangement. Fadderveka er den beste måten å starte eit nytt skuleår på!

Korleis går studentregistreringa ved Høgskulen føre seg?
Gangen i registreringa kan du lese om her.

Kva er Studentweb?
Studentweb er eit studentverkty der du må logge deg på med brukarnamn og passord for å få tilgang. Ved å registrere deg i Studentweb får du melde deg opp til eksamen, og du får tilgang til dei enkelte faga/emna i Fronter. Her får du også opplyst kva karakterar du har fått.

Kva er Fronter?
Fronter er eit elektronisk læringsverkty som vert nytta til undervisning, informasjon og kommunikasjon mellom studentar og skulen. Gjennom registrering i Studentweb på sine emne får studentane tilgang til desse emna i Fronter. Les meir.

Kva er Orakeltenesta?
Orakeltenesta er brukarstøtta innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda.

 Kan eg kjøpe PC gjennom høgskulen?
Ja, det kan du. Sjå eiga side om kjøp av PC.



Hybel


Kvar kan eg finne ein stad å bu?
Studentsamskipnaden har fire studentheimar i Volda med ca. 400 bustader totalt: Porse, Heltne, Myrane og Røysmarka.

Sjå også:
http://www.studentsamskipnaden.no/(external link)
http://www.boligtorget.no/sfs/(external link)
http://www.ivolda.com(external link)
http://www.hybel.no(external link)
http://www.hybelvolda.no/(external link)

Du kan eventuelt setje inn annonse i lokalavisa Møre: annonse@avisamore.no (external link). Det kostar ca. 50,- pr. innrykk.

Kva studentheimar finn ein i Volda?
Sjå oversikt over boligar på Studentsamskipnaden sine sider (external link).

Kvar ligg dei ulike studentheimane?
Sjå oversikt på Studentsamskipnaden sine sider (external link).
 

Korleis går tildelinga av studentboligar føre seg?
Du må sende inn søknad via sida http://www.boligtorget.no/sfs/ (external link) Tildeling av hyblar skjer gjennom loddtrekning. For leilegheiter gjeld visse tildelingskriterier, sjå tildelingsreglement (external link).

Kva er søknadsfristen for studentboligar?
Hovudfristen for å søkje studentboligar er 15. mai for nye studentar og for dei som allereie bur i studentboligar, men som søkte for seint om fornying av kontrakten. Elles i året har Studentsamskipnaden fortløpande tildeling. Sjekk for siste oppdatering på www.studentsamskipnaden.no om det framleis finst ledige boligar.

Skal eg søkje om hybel no sjølv om eg ikkje veit om eg skal studere ved HVO?
Studentsamskipnaden tildeler boligar fortløpande om det er ledig. Du kan søkje sjølv om du ikkje er sikker på at du kjem inn på HVO, men dersom du får tilbod om studentbolig må du takke ja og signere kontrakten innan ein viss dato. Når du først har signert er det oppseiingsfrist på to månader. Det er difor kanskje ikkje det luraste å vere ute i alt for god tid.

Må eg dele kjøkken/bad med andre?
Om du må dele bad/kjøkken med andre kjem an på kva slags leiligheit/hybel du får tildelt.
Sjå meir her (external link).

Korleis er prisnivået på boligar i Volda?
Nasjonale undersøkingar gjennomført kvart år viser at studentane i Volda har blant dei lågaste buutgiftene i landet. Det er noko å tenkje på når budsjettet er stramt og seinare når studielånet skal betalast! I tillegg er straum og internett med i leigeprisen viss du leiger hos Studentsamskipnaden.

 

Barnehage

Korleis kan eg skaffe barnehageplass?
Studentsamskipnaden driv Røysmarka studentbarnehage med 45 plassar for barn mellom 0-6  år. Barnehagen ligg like ved Høgskulen. Ein må fylle ut eit eige søknadsskjema for kvart barn. Søknadsskjema og informasjon finn du her: Barnehagesøknad (external link)

Kor tidleg må eg vere ute for å sikre ein barnehageplass gjennom Studentsamskipnaden?
Hovudopptaket er 1. mars. Eventuelle restplassar blir tildelte fortløpande.

Kva kan eg rekne med å måtte betale for ein barnehageplass?
Du finn prisar og kontaktinformasjon her (external link).

Fritid


Kor mange innbyggjarar er det i Volda?
Medrekna studenttalet har Volda om lag 10 000 innbyggjarar.

Kva er Studentsamfunnet?
Studentsamfunnet er ein organisasjon basert på frivilleg arbeid. Du som student ved Høgskulen har høve til å bidra. Studentsamfunnet står mellom anna for gjennomføring av mange ulike arrangement.

Kva er VEKA?
Veka er eit årleg kulturarrangement laga av, med og for studentar i Volda. Konsertar, revy, foredrag og stand-up er noko av det ein kan oppleve gjennom dei dagane VEKA varer.

Kva slags frivillige organisasjonar kan eg bli med i?
I Volda kan studentane engasjere seg i studentpolitikk, kulturaktivitetar og organisasjonsliv, med mange lag og foreiningar for ulike interesser. Her er ei oversikt over nokre av dei. Du kan også sjekke desse lenkene:

Blendarlaget
Dokfilm
Fellesorganisasjonen (FO)
KFUM Volda
Møredykk
Norsk Journalistlag - Studentklubben
Pangaia / International Club
Studentavisa Peikestokken
Rokken
Studenttinget i Volda - STiV
Student-TV
Volda Dykkerklubb
Volda Handball
Volda og Ørsta Filmklubb
Volda rideklubb
Volda Studentidrettslag
Volda Studentradio
VTI Fotball
Ørsta Rock
VOKS

Kva for uteplassar finst det i Volda?
Trass i storleiken byr Volda på eit rikt uteliv. Me kan nemne Rokken, Viva Volda, Porse, Det Grøne Treet, samt Rust Club & Scene som ligg i nabokommunen Ørsta.

Kva er Rokken?
Rokken er det nye studenthuset som er eigd av Studentsamskipnaden og drive av studentane i Samfunnsstyret. Alt arbeid er basert på frivilleg innsats. Her er der plass til 550 personar, det finst tre barar, kafè og ei av dei beste scenene i Møre og Romsdal, med det beste innandørs lydanlegget i fylket.

Kvar kan eg bade og stå på ski?
Dersom du melder deg inn i Volda Studentidrettslag (VSI) kan du bade i symjebassenget på Idrettsbygget. Om våren og sommaren er det fint å bade i Rotevatnet i Volda, ellers kan du ta turen ut på Ytre Søre Sunnmøre til badestrendene der, til dømes på Hareidlandet (external link). Om vinteren kan du stå på ski på Reset (external link) i Volda eller i Bondalen (external link), som ligg i nabokommunen Ørsta. Det er ikkje jamnleg busstilbod til skisenteret, så det kan hende at du vil trenge haik dit dersom du ikkje har bil sjølv!


Kommunikasjon


Korleis kjem eg meg til Volda?
Mellom Volda og Ørsta ligg Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden. Flyplassen har fleire daglege avgangar til Oslo, Bergen, Sogndal og Sandane. Volda har også bussruter direkte til Bergen, Oslo og Trondheim. Vidare har Volda bussamband med NSB-stasjonen på Åndalsnes og Ålesund Lufthavn, Vigra.

- Timeekspressen (external link): Går kvar time (Volda – Ålesund – Molde – Kristiansund).

- Norway bussekspress (external link): Til og frå Oslo og Bergen to gongar dagleg.

- Widerøe (external link): Ørsta/Volda Lufthamn Hovden (6 km frå Volda sentrum).

Treng eg bil i Volda?
Volda har eit kompakt sentrum. Alle delane av Høgskulen og Studentsamskipnaden (SfS) sine boligar ligg sentralt. Dersom du bur i sjølve Volda treng du truleg ikkje bil, men dette kjem sjølvsagt an på dine behov og på kor langt unna du vel å busetje deg. Får du bustad gjennom SfS treng du det nok ikkje - samtlege studentboligar ligg i 5-10 minutts gangavstand frå Høgskulen.

 

 


Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Søkkorpset HVO 04. august 2011 kl. 15.06 Publisert med NetEd : Publish

 

 

 

 

Ofte stilte spørsmål

Registrering
Studium
Hybel
Fritid
Kommunikasjon

 

 

Studentmedia

Næravisa

Studentradio med direkte sending kvar dag kl. 19.00

 

 

Kva skjer?