«Kunnskap for framtida»

Utdanningsdagar for vidaregåande skular

Partnarskap for utdannings og yrkesrettleiing

Høgskulen i Volda (HVO) har i samarbeid med Møre og Romsdal fylke, dei vidaregåande skulane og grunnskulane på Søre Sunnmøre oppretta ein partnarskap for utdannings- og yrkesrettleiing. Samarbeidet har sitt utspring i det såkalla Karriereprosjektet initiert av Møre og Romsdal fylke. Her har sentrale målsettingar vore å hjelpe elevane i grunnskulen til å ta meir medvitne val med omsyn til utdanning og karriere. HVO og interessentane i partnarskapen har dei to siste åra arrangert Karrieredagar i Volda for denne målgruppa.

Utdanningsdagane for elevar i vidaregåande skule

Nytt sidan 2010 er at partane i dette strategisk viktige samarbeidet har ønska å gå saman om ein Utdanningsdag for ei anna målgruppe, nemleg elevane ved dei fire vidaregåande skulane på Søre sunnmøre (Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda).

I november får elevar frå både yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningar orientering om høgare utdanning i Møre og Romsdal. 

Rundt 700 elevar vert informerte om utdanning

Elevane vert delt inn i grupper og synt rundt på campus av noverande studentar. Elevane skal innom åtte ulike utdanningspostar. Desse postane femner om utdanningsvegane ved dei tre høgskulane i fylket.

Ein treng ikkje reise ut av fylket for å gjere karriere

Under Utdanninsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Målet er at elevane vert orienterte om utdanningstilbod og moglegheiter her i fylket. Vi ønskjer at elevane vert betre budd til utdanningsval. Med eit slikt tiltak vonar høgskulane også å bidra til mindre fråflytting frå regionen, og at fleire ungdomar vel å bli i Møre og Romsdal, både under utdanning og seinare i arbeidslivet.

Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Ålesund tek eit krafttak for å pirre nysgjerrigheita til komande studentar.

Vi treng ungdom i Møre og Romsdal

– Ein kan utdanne seg til nesten det ein vil i vårt eige fylke, og dette vil vi informere om, kommenterer rektor ved Høgskulen i Volda.

Vi vil hjelpe elevane med å gjere dei rette vala, og gje god informasjon om dei moglegheitene dei har. Overgangen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning er ofte lettare i distrikta enn på dei store universiteta i byane.

Både samfunn og regionalt næringsliv har eit aukande behov for arbeidskraft innanfor dei utdanningane høgskulane tilbyr, både på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.


Meld på dine elevar

Påmelding for vidaregåande skular, folkehøgskular og andre avgangselevar som ønsker å delta på Utdanningsdagane blir gjort ved å fylle ut elektronisk skjema.

Påmeldiga er kollektiv for kvar einskild skule.


Kontaktpersonar for utdanningsdagane

Torill Engeseth, prosjektleiar, torill.engeseth@hivolda.no, telefon: 458 06 705


 

Kontaktinformasjon

Treng du rettleiing om
utdannings- og yrkesval?

Koordinator:
Torill Engeseth
te@hivolda.no
T: 70 07 50 90
M: 458 06 705