«Kunnskap for framtida»

Elevvurdering

Vi har no oppretta eit tilbud om vidareutdanning i vurdering, dette vil starte opp i august 2013, søknadsfrist er 1. april. Meir informasjon finn du her.

 

Kunnskapsdepartementet har frå 1. august 2009 fastsett ny forskrift til opplæringslova om individuell vurdering i grunnopplæringa. Vurdering skal auke motivasjon og læring og regelverket er eit viktig verkty for å kunne få ei rettvis og likeverdig vurdering både undervegs og til slutt.

Den nye forskrifta er utarbeidd på bakgrunn av dokumentert kunnskap om vurdering og læring. Forskning syner at ein kan få store læringsvinster ved å utvikle vurderingskulturen og vurderingspraksisen i grunnopplæringa. Vurdering som har læring som mål er difor et viktig virkemiddel for å realisere Kunnskapsløftet si målsettjing om auka læringsutbytte for alle.

Høgskulen i Volda, Avdeling for Humanistiske fag og Lærarutdanning, har tatt utfordringane med ei god og læringsretta vurdering for alle elevar på alvor og jobbar fleirfagleg med dette. Vi har satt saman ei gruppe, Vurderingsgruppa, som held seg oppdatert på nye føringar og nyare forsking innan emnet.  Og vi har hausta gode erfaringar med etterutdanning av lærarar innan vurdering i fleire kommunar i Møre og Romsdal.

Vi har hatt utviklingsprosjekt med heile lærarkollegiet med tanke på vurdering i følgjande kommunar:

  • Skodje
  • Sykkylven
  • Molde
  • Vestnes
  • Rauma
  • Sula
  • Volda
  • Ørsta
  • Fræna
  • Haram

I tillegg har vi også eit utviklingsprosjekt med Møre og Romsdal Fylkeskommune inn mot dei vidaregåande skulane i fylket.

 

Ta kontakt med Oddbjørn Nes på telefon 70 07 50 55 eller e-post: oddbjorn.nes@hivolda.no om du har spørsmål om kurs og oppdrag innan vurdering.