«Kunnskap for framtida»

Elevvurdering

Vidareutdanning

Vurderingsgruppa er no klar til å starte opp vidareutdanning, 15 studiepoeng, i vurdering av, vurdering for og vurdering som læring. Studiet vert starta opp ved semesterstart hausten 2013.

Kvifor velje dette programmet?

Målgruppa for studiet er leiarar og lærarar i skuleverket. Forskings- og utgreiingsarbeid viser at det er svak evalueringskultur i den norske skulen. Kunnskapsdepartementet fastsette 1. august 2009 ei ny forskrift til opplæringslova om individuell vurdering i grunnopplæringa. Regelverket er eit viktig verktøy for å gjennomføre ei rettvis og likeverdig vurdering, med målsetting om å auke motivasjon og læring.

Kva lærer du?

Studiet skal gi studenten kunnskap om prinsipp for undervisning, vurdering og forskrifter, vurdering av læring, for læring og som læring og læreplananalyse og taksonomisk tenking. I tillegg skal studenten kunne planlegge, dokumentere og vurdere utviklingsarbeid i eiga verksemd, samt medvite bruke ulike vurderingsformer for å fremje elevane si læring.

Gjennom studiet skal studentane få individuelle kunnskapar som gjer dei i stand til å ta del i kompetansebygging på systemnivå i skuleverket.

Oppbygging og gjennomføring

Sentralt i studiet er teoripresentasjon, diskusjon, erfaringsdeling, analyse og refleksjon rundt det arbeidet som den einskilde student gjer. Målet er å knyte vurdering nært opp til den aktuelle skulekvardagen. Studiet går over 2 semester, haust og vår. Dette er gjort for at det skal vera lettare for deg som er aktiv i skulen å gjennomføre studiet. Det vert lagt opp til samlingar i Volda, ei todagarssamling og 5 dagssamlingar. Mellom samlingane vert det arbeid med oppgåver, rettleiing og diskusjon. Vi legg opp til nær kontakt mellom lærarane ved HVO og studentane, også mellom samlingane.

Studiet er delvis finansiert med studieavgift på 5000 kroner, i tillegg til semesteravgift.

Jobb og vidare studium

Vurdering som læreplankategori har vist seg å vere spesielt utfordrande i arbeidet med dei lokale læreplanane etter Kunnskapsløftet. Studiet gir difor svært aktuell kompetanse til lærarar i dagens skule, både på individuelt nivå og på systemnivå.


Meir informasjon finn du her.